Har drive fabrikk ulovleg

Betongfabrikken Unicon AS på Haukås har i fleire månader vore i drift utan at det er søkt om brukstillatelse eller ferdigattest. No varslar kommunen at det kan bli gitt pålegg om opphøyr av bruk av anlegget, skriv BA. – Vi har etablert og drifta fabrikken i samsvar med dei krav og pålegg som lokale myndigheiter har pålagt oss gjennom byggesaksprosessen og etterfølgande eksterne revisjonar, svarar regionsdirektør Morten Letnes i Unicon til avisa.

Betongfabrikken til Unicon AS på Hylkje
Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK