Hopp til innhold

Har den fjerde beste skiheisen

Stryn sommarskisenter har ein av dei beste skiheisane i heile verda. Iallfall om ein skal tru ein anerkjent svensk nettstad.

Stryn Sommarski

POPULÆR: Stryn Sommarskisenter på Strynefjellet har ifølgje den svenske skinettstaden Freeride.se heisar i verdsklasse.

Foto: NRK

Sommarskisenteret på Strynefjellet er ikkje berre kjent for skiglade nordmenn, men også i nabolandet vårt er det skientusiastar som har lagt sin elsk på dei kvite fjellsidene.

Freeride.se er ein anerkjent nettstad for skikøyrarar og reklamerer sjølv med at dei har 67.000 medlemmer.

På si topp fem liste over dei beste skiheisane kjem Stryn Sommarski på ein sterk fjerdeplass. Det i konkurranse med kjente skidestinasjonar i USA, Sveits og Frankrike.

Ein som naturleg nok gler seg over den plasseringa er styreleiar Magne Brekke ved Stryn Sommarskisenter.

– Vi syg på alle dei karamellane vi får vi, seier han glad til NRK.no.

Frankrike på topp

Det er skiheisen Téléphérique de l'Aiguille du Midi i Chamonix som toppar lista over dei beste skiheisane. Nettstaden Freeride.se skriv at heisturen opp på fjellet her opnar for eit hav av moglegheiter for dei som vil sette utfor fjellsidene.

På andreplass kjem skiheisen Titlis Rotair, i Engelberg i Sveits, medan skiheisen Supreme i Alta, USA blir kåra til den tredje beste.

På fjerdeplass har svenskane gitt plass til skiheisane på Strynefjellet. Dei to heisane her, stolheisen nedst og breheisen lenger oppe er ein kombinasjon våre naboar har blitt glad i.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn sommarskisenter.

FANTASTISKE: Moglegheitene for å kaste seg utfor snødekte fjellsider i sommarsola er fantastiske, meiner den svenske nettstaden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

«Fantastiska friåkningsytor»

Sjølv om mennene bak kåringa på Freeride.se påpeikar at det går ganske sakte oppover heisane på Strynefjellet, er dei over seg av begeistring for moglegheitene for frikøyring når ein kjem til toppen,

Sittliften i kombinationen med ankarliften ovanför och en kortare promenad med skidorna på ryggen öppnar fantastiska friåkningsytor.

Freeride.se

Vidare skriv dei at det å stå på ski i Stryn om sommaren er reine avslappinga.

Att sommarskida i Stryn är en avslappnad tillställning. Säsongen är över, folk har inte bråttom, solen skiner och du är kanske lite trött efter gårdagens Rignes-öl utanför hytten nere på Folven camping i sommarljuset som räcker långt in på natten.

Freeride.se

Er ikkje overraska

Magne Brekke er styreleiar og fungerande dagleg leiar i Stryn Sommarski. Han legg ikkje skjul på at denne typen omtale er svært god reklame for dei.

– Det er ikkje noko overrasking at fjella på Vestlandet er attraktive og blir oppfatta som unike. Det er veldig hyggjeleg å bli anerkjent på denne måten, seier han til NRK.no.

– Så du er ikkje overraska?

– Slike lister blir ein smule subjektive, men eg er ikkje overraska over at dei som har opplevd Strynefjellet på sitt flottaste kan sitje att med ei oppleving som er på høgde med det beste i utlandet, seier han.

– Kan ikkje få betre reklame

Brekke er godt kjent med den svenske nettstaden, og seier skientusiastar frå heile Norden nyttar seg av sida. Håpet er at endå fleire kan få auga opp for mjuk puddersnø høgt til fjells i den norske sommaren.

– Vi kan ikkje få betre reklame enn folk som skryter oss opp i skyene.

– Så får vi heller svelgje at Chamonix blir rangert før oss. Det kan vi leve med, flirer han.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med nokon i Freeride.se.