Hopp til innhold

Har bestemt seg for å selje hotell

Ein epoke går mot slutten etter at Einar Galde bestemte seg for å selje Skjolden hotell.

Skjolden Hotell

NYE EIGARAR: Skjolden hotell vil om få veker få nye eigarar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Familien Galde kjøpte hotellet i 1912, men har drive det hotell på eigedomen i Skjolden sidan 1908.

I dag skriv Sogn Avis at nye eigarar vil vere på plass om få veker.

– Eg kan ikkje seie noko meir om salsprosessen enno, men kan stadfeste at vi er i forhandlingar med aktuelle kjøparar, stadfestar Einar Galde overfor avisa.

– Vemodig

Avgjerda fall etter at nye generasjonar Galde har vald å ikkje drive hotelltradisjonen vidare.

– Dei aktuelle kandidatane har valt andre utdanningsvegar og har gode jobbar. Så dette har eg full forståing for. Sjølvsagt er det vemodig at hotellet forsvinn ut av familien, seier han til avisa og meiner det er på tide å trappe ned.

Etter det avisa kjenner til skal Oddvar Røysi, som allereie har investert millionar i ny cruisekai, opprusting av det gamle kaihuset og kaien, samt ei rekkje fjordhytter i Skjolden, vere ein aktuell kjøpar av hotellet.