Hopp til innhold

Har berre tre partipolitiske lister

Stor spenning om kven som skal innta ordførarkontoret i Hyllestad etter valet

Hyllestad
Foto: Ottar Starheim / NRK

Hyllestad har berre tre partipolitiske lister ved dette valet i tillegg til den partinøytrale Samlingslista. Samlingslista har langt tradisjon i Hyllestad, starta i si tid i samband med skulestrid i kommunen og utvikla seg til ein liste for heile kommunen.

Dei kan få ordføraren etter valet.

Sp med alfabetisk liste

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har tradisjonelt vore største partia i Hyllestad. Senterpartiet hart attpåtil hatt reint fleirtal i ei tid då skulestrid var heitt tema, og Harry Mowatt (Ap) forhandla seg fram til klubba den tida han stilte.

Sitjande ordførar Tore Bråstad greidde å lirke klubba frå Ap ved siste val, men kva som skjer med Sp ved dette valet er svært ope. Partiet hadde ikkje peika på nokon ordførarkandidat. Dei har laga alfabetisk liste, og såleis latt det vere heilt opp til veljarane å prioritere namn.

Soltveit i 12. time

Eit medlemsmøte i Sp få dagar før valet, peika likevel ut partiet sin ordførarkandiat. Det blir Amund Soltveit - ein erfaren Sp-politikar i kommunen. S er eit godt stykke ute i alfabetet, så Soltveit står på 11. plass på lista.

Det blir spennande å sjå korleis veljarane taklar alfabetisk liste, og ein ordførarkandiat spela inn i 12. time.

Systaddal vs. Gjerde

Ap stiller med den røynde fagforeiningsmannen Jan Olav Gjerde og han ønskjer klubba. Det gjer også Joakim Systaddal frå Samlingslista, men begge treng truleg hjelp frå andre for å nå målet sitt.

Saker

Det er vanskeleg å sjå dei store sakene som skil partia i Hyllestad. Dei kjempar med utfordringar knytt til folketalsutvikling, nye arbeidsplassar og ikkje minst å skaffe kvalifiserte fagfolk til helse og skule.

Enkelte vil auke eigedomsskatten, andre seier nei.

Hjørnesteinsverksemda Havyard i Leirvik ser ut til å gå godt, og er viktig for kommunen.

Kommunesamanslåing

Hyllestad, Fjaler og Askvoll har tidlegare diskutert kommunesamanslåing, utan resultat. Avgåande ordførar i Hyllestad, Tore Bråstad (Sp) meiner debatten må komme igjen. Truleg gjer den det i den komande valperioden.

Hyllestad - kommunval

 

Ap

SP

S.L.

 H  

Krf

1995

27,1

43,5

29,4

 

 

1999

30,7

39,5

29,7

 

 

2003

40,5

39,4

20,0

 

 

2007

26,7

32,5

17,9

12,5

10,3