Over 60 personar avhøyrde etter trippeldrapet

Politiet har avhøyrt over 60 personar etter trippeldrapa om bord på Valdresekspressen måndag og seier at eit visst bilete av hendingsgangen er byrja å danne seg.

Løseth og åstaden

FÅR SVAR: Regionlensmann Åge Løseth seier politiet har byrja å få eit visst bilete av omstenda kring trippeldrapa om bord på Valdresekspressen i Årdal.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

Ein 30 år gamal mann frå Sør Sudan vart denne veka sikta og varetektsfengsla i fire veker etter at tre personar vart drepne om bord på Valdressekspressen.

Mannen har anka avgjerda inn for Gulating lagmannsrett. Samstundes går etterforskinga for fullt. Til no er over 60 personar avhøyrde og fleire avhøyr står att.

– Som tidlegare opplyst har vi hatt to hovudretningar i etterforskinga. Den eine er vitneavhøyr knytt opp mot hjelpepersonell og publikum som kom til staden der desse dramatiske hendingane skjedde, seier regionlensmann Åge Løseth i Sogn.

Byrjar å få eit bilete

– Det andre har vore omgjevnadene til sikta nede i Årdal, knytt til asylmottaket og bebuarane der, legg Løseth til.

Av omsyn til etterforskinga vil ikkje Løseth kommentere opplysningane som er kome fram gjennom avhøyr. Likevel seier han at politiet er byrja å få ei viss oversikt. Den drapssikta mannen fekk avslag på asylsøknad i sommar og venta på å bli sendt ut av landet.

– Det står framleis att ein del arbeid, men eit visst bilete byrjar vi naturlegvis å danne oss, seier Løseth.

Etablerer etterforskingsgruppe

Politiet har etter trippeldrapa sett inn alt av tilgjengelege ressursar i etterforskingsarbeidet. Den taktiske etterforskinga i Årdal held fram, og vil gjere det inn i dei neste vekene.

Mellom ti og 20 politifolk har jobba intenst med å samle trådane og finne svar. Også Kripos har hjelpt til i arbeidet og vil gjere det så lenge det er naudsynt.

– Etterforskinga har kravd alt av tilgjengelege ressursar hos oss, men frå og med måndag blir det etablert ei fast etterforskingsgruppe på ni-ti politifolk. I tillegg supplerer vi med det vi treng lokalt og vi frå god bistand frå naboar og Kripos, seier Løseth.

Håpar å avhøyre sikta

– Gruppa skal gjennomføre naudsynte etterforskingssteg til saka er etterforska. Det går på innhenting av teledata, tilarbeiding og analyse av desse og analyse av andre opplysningar og tips som vi får inn i saka, legg regionlensmannen til.

Mannen som er sikta for ugjerninga vart denne veka varetektsfengsla i fire veker. Han er framleis ikkje formelt avhøyrt av politiet.

– Det er framleis uvisst når det skjer, men vi har eit håp om å få gjort det i neste veke, seier Løseth.