Hopp til innhold

Har 440 bygningar - anar ikkje kva verdi dei har

Fleire prestegardar blir lagt ut for sal når buplikta forsvinn 1. september. Men ingen veit kva verdi dei har.

Prestegarden i Dale i Luster

HAR 440 SLIKE: Standsmessige bygningar står rundt om i heile landet, fleire treng massiv oppussing og renovering. 1. september er det slutt på buplikta til prestane, og då kan fleire bustader bli lagt ut for sal.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Det er faktisk ikkje nokon som har oversikt. Det er blitt etterspurt, men eg kjenner ikkje til at det er laga nokon oversikt, seier Hildur Kuld, prestegardsinspektør i Opplysningsvesenets fond.

27 hus i Sogn og Fjordane

Hildur Kuld

STORE VERDIAR: – Eg har selt eit hus til 6,1 millionar kroner. Det var taksert til 1,3 millionar. Og motsett har eg opplevd at prisen vart halvert, fortel Hildur Kuld, prestegardsinspektør i Opplysningsvesenets fond.

Foto: privat

Dei har ansvaret for dei statlege prestegardane, og dei er det mange av.

– Vi skal finne ut kva alle bispedøma i Norge har av behov og ønskje for gardane, deretter lagar vi ei oversikt og sender til Kulturdepartementet, fortel ho.

I Sogn og Fjordane er det 27 statlege prestegardar. Det er minst like mange kommunale. Mange av dei treng massiv opprusting og vedlikehald.

– Vi brukar opp mot 110 millionar kroner i året berre på vedlikehald og kommunale avgifter. Men det er på langt nær nok. Behovet for renovering er enormt i heile landet.

Fleire av bustadane er verneverdige, men Kuld trur ikkje at bispedøma ser det som attraktivt å vere kulturvernar.

Skal ned til 120 bustader

kald prestegard

KALDE: Prestegarden på Sande i Gaular har vore ein kald stad å bu på grunn av manglande isolering.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det kostar enormt å vedlikehalde bygningane. Signala vi har fått er at vi kjem til å gå frå 440 bustader til om lag 120 i framtida.

Prestegardane er ofte store, med enorme hageanlegg. Svært mange private er interesserte i å få kjøpe. Men prisane varierer.

– Eg har selt eit hus til 6,1 millionar kroner. Det var taksert til 1,3 millionar. Motsett har eg opplevd at prisen vart halvert.

Bjørgvin bispedømme har sendt brev til alle sokn om kva dei meiner bør skje med bustadane, og saka vil kome opp i bispedømerådet. Bunken med søknader frå prestar som ber om fritak frå buplikta har auka dei siste åra.

Gjer rekrutteringa av prestar vanskelegare

– Dette handlar om eit generasjonsskifte hos prestane. Det er nye tider. Men nokre stader må vi kunne tilby ein prestebustad fordi det er uaktuelt for presten å kjøpe hus i området, seier avdelingsleiar Gunvor Taule Mjanger.

Dei er i mot at buplikta vert oppheva.

– Årsaka er at rekrutteringa av prestar allereie er vanskeleg. Vi trur ikkje det vert lettare i framtida. Dessutan meiner vi det er viktig at presten bur i nærleiken av soknet sitt, seier ho.