Hopp til innhold

Håpte avisa endeleg skulle kome fram

Anne Lise Haukadal i Luster har ikkje fått laurdagsavisa si dei siste tre vekene. I helga sette ho opp eit stort og tydeleg skilt for å hjelpe avisbodet. Det gjekk ikkje heilt som planlagt.

Kvikkasskilt

KLAR MELDING: Anne Lise Haukadal gav avisbodet klar beskjed i helga

Foto: privat

– Vi var faktisk heilt sikre på at med det her skiltet, så måtte dei klare å levere avisa på laurdag, seier Haukadal.

Dei siste vekene har mange opplevd å ikkje få avisene sine på laurdagar. Det starta då bodfirmaet Kvikkas tok over distribusjonen av laurdagsavisene. Det er særleg husstandar utan gateadresse som ikkje har fått aviser.

– Det er ikkje ein einaste person på sørsida av Lustrafjorden som har fått laurdagsavis i november. Eg skjønar at dei ikkje er kjent her, men vi bur faktisk langs hovudvegen, og vi har ei gateadresse, seier Haukadal.

Fekk feil avis

Med det heimelaga skiltet trudde ho i alle fall at Kvikkas måtte skjøne at ho skulle ha avis, men heller ikkje denne gongen fekk ho Sogn Avis slik ho pleier.

Firda på eit skilt

FEKK IKKJE SOGN AVIS: Nok ei helg måtte Anne Lise Haukadal klare seg utan Sogn Avis.

Foto: privat

– Vi fekk ikkje Sogn Avis, men nokon hadde lagt ei utgåve av Firda oppå skiltet vårt. Vi abonnerar ikkje på Firda, så det verkar nesten som om dei prøver å tulle med oss.

Ikkje sur på Sogn Avis

Men Haukadal tykkjer ikkje det v ar noko morosamt, ho har nemleg veldig lyst på laurdagsavisa. Ho fortel at ho no er ganske oppgitt, men at ho likevel ikkje er sur på Sogn Avis.

– Eg forstår at Sogn Avis ikkje har noko med dette å gjere, så det er jo ikkje dei eg er irritert på. Eg likar avisa veldig godt, og har ikkje vurdert å seie opp abonnementet. Eg vil berre ha avisa!

Kvikkas har ikkje svart NRK sine førespurnader i dag, men har tidlegare sagt at dei jobbar på spreng med å få avisene ut til alle. Dei har og sagt at det har blitt betre enn det var i byrjinga av månaden.