– Bestefar Elias Faleide var ordførar og fekk bygd heradshuset. For han var klokketårnet veldig viktig. Han meinte at eit heradshus skulle ha klokketårn, slik som rådhusa i byane og ute i Europa, seier Anna Marie Faleide Malkenes.
- Les også:
Det var i 1956 at Heradshuset med det karakteristiske klokketårnet vart reist. Malkenes fortel at det vart mykje småspydige morsomheiter rundt tårnet og at bygget vart kalla Eliaskyrkja på folkemunne. Malkenes seier det gjer nattas brann spesiell.
– Det blir litt spesielt og det var trist å sjå. Eg håpar inderleg at dei vil redde klokketårnet når dei restaurerer bygget.
- Les også:
Små steg
Malkenes fortel at bestefaren, Elias Faleide, var svært påpasseleg på at arbeidarane gjorde det dei skulle då huset vart bygd.
– Han var ein liten, rund kar og gjekk med ganske små steg. Ein dag han var og såg på byggearbeidet så sa han at det går no litt smått framover her. Då snudde den eine av arbeidarane seg mot han og svarte at det går no litt smått med deg og, ler Malkenes.
Ti på tre
Uret på klokketårnet har stoppa klokka ti på tre natt til torsdag, 28 minutt etter at Alarmsentralen fekk melding om brannen.
For Malkenes var det både privat og kommunehistorie som brann natt til torsdag.
– Det var 60 år gamalt, så det har jo følgd meg gjennom heile mitt liv og eg har høyrd historier om Eliaskyrkja og kva bestefar gjorde for kommunen. Så har eg og høyrd kor stort det var då huset stod ferdig.
- Les også:
Malkenes håpar det at klokketårnet framleis står betyr at det blir ståande også i framtida.
– Tårnet er ein del av Gloppen si historie og bør takast vare på.
Krimteknikarar kjem
Krimteknikarar skal saman med spesialistar gjere undersøkingar i Herdashuset i morgon, opplyser lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset til NRK.no.
Han seier dei skal gjere avhøyr av brannfolka som kom først til staden.
– At dei kom tidleg til staden gir politiet eit godt utgangspunkt i etterforskinga, seier lensmannen. Han understrekar at etterforskinga er rutine og at det ikkje er mistanke om noko kriminelt.