Hopp til innhold

Håpar fingeravtrykk løyser brannmysteriet

Politiet i Vågsøy håpar fingeravtrykk kan føre dei eitt steg nærare personen som sette fyr på Sør-Vågsøy kyrkje.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

FINGERAVTRYKK: Politiet meiner dei kan ha fingeravtrykk frå flaska med tennvæske som vart nytta i samband med eldspåsetjinga.

Foto: Bjarne Eldevik

Snart to veker etter at forbipasserande såg opne flammar på kyrkjedøra, står politiet framleis utan mistenkte i eldpåsetjingssaka.

Men fingeravtrykk frå tennvæskeflaska dei fann på staden kan gi svar.

– Det er sendt inn til analyse og vi håpar det sikra materialet er godt nok til at vi får eit fingeravtrykk som kan leie oss om ein gjerningsperson, seier lensmann Tor Sæther.

Har ingen mistenkte

Politiet har avhøyrt ei rekkje vitne i saka, og har fått fleire tips, men så langt har dei ikkje klart å komme nærare gjerningspersonen.

Sæther presiserer at sjølv om det skulle vise seg å vere eit fungerande fingeravtrykk på flaska, så treng det ikkje nødvendigvis stamme frå gjerningspersonen.

Politiet har tidlegare bede innbyggjarar sjå etter om dei saknar blanke flasker av typen Blåtind.

– Ingen har vore mistenkte i saka, og vi har heller ikkje opplysningar i dag som går i retning mot ein konkret mistenkt gjerningsperson, seier Sæther.

Tips om rykte?

Lensmannen legg til at dei har fått konkrete tips på personar, men at desse er sjekka ut.

– Vi har avhøyrt alle personar som vi har kjennskap til har vore i området. Alle vi har vore kontakt med har hatt ei naturleg forklaring på kvifor dei var der dei var, seier han.

– Er ein då avhengig ytterlegare tips for å komme vidare i saka, dersom fingeravtrykka ikkje fører fram?

– Vi har avhøyrt dei vi kan avhøyre no, men har framleis håp og ynskje om at dersom nokon har opplysningar som kan ha noko med saka å gjere. Vi ynskjer også å vite om og sjekke ut dersom det verserer rykte om gjerningspersonar.