Hopp til innhold

Håpar å finne seg dame på TV

Ved nyttår tek Roar Husetuft over garden på Holsen i Førde. Samstundes håpar han å finne seg ei jente.

Roar Husetuft

PÅ SJEKKER'N: Roar Husetuft frå Holsen i Førde er ute etter draumedama i TV2-programmet 'Jakten på kjærligheten'.

Foto: TV2

– Det kan bli i pose og sekk, ja. Det hadde jo vore kjekt å få alt på stell til nyttår, seier Roar Husetuft.

29-åringen frå Førde er ein av seks bønder, som på TV2 denne hausten skal vere med i den populære serien «Jakten på kjærligheten».

Førebels er berre introen spelt inn, men Husetuft håpar han blir med blant dei fire som kjem vidare til finalerunden.

Meldt på av vener og søsken

Husetuft er odelsgut til ein gard i Holsen i Førde kommune. Etter planen skal han ta over garden ved årsskiftet, og han blir då bonde med kyr og sau - og med mjølkeproduksjon som satsingsområde.

Det var vener og søsken som meldte han på «Jakten på kjærligheten».

– Korleis blir det å hamne i søkjelyset på denne måten?

– Det blir sikkert litt spesielt. Men eg får berre ta utfordringane som kjem, smiler Husetuft overfor NRK Sogn og Fjordane.

Tilbyr eit liv utanfor «åtte til fire»

Ifølgje TV2 er bonden frå Sunnfjord ute etter ei jente som kan vere litt skiten på hendene ein dag, samstundes som ho pyntar seg den neste.

– Det er greitt om ho kan ta i eit tak på garden, men det er ikkje eit must, kommenterer Husetuft.

– Kva kan du tilby sjølv, då?

– Eg kan i det minste tilby trygge omgjevnader på ein gard på landet. Og det er eit litt annleis liv enn ein med ein vanleg åtte til fire-jobb, seier han.

Presentasjonsprogrammet for «Jakten på kjærligheten» blir sendt på TV2 måndag 25. juli.

Jakten på kjærligheten 2011. Roar Husetuft frå Førde er nummer tre frå venstre.

ÅRETS BØNDER: Per Ove Løvik (53) fra Surnadal, Linda Bjørnes (36) fra Inderøy, Roar Husetuft (29) fra Førde, programleder Marthe Sveberg Bjørstad (33), Bente Fremo (26) fra Buvika, Wenche Fremo (31 fra Buvika og Svein Bøylestad (27) fra Froland. Foto: TV 2.

Foto: TV2