Hopp til innhold

Han leitar etter fjell som får det til å krible ekstra i magen

Håvard (20) har så vidt kome heim etter å ha klatra ein loddrett fjellvegg i Yosemite, men kan knapt vente før han får gjere det på nytt.

Klatraren Håvard Sandal Høyvik

TURKAMERATAR: Håvard Sandal Høvyik og Frida Halvorsen klatra El Capitan.

Foto: Håvard Sandal Høyvik

– Nokon vil kanskje kalle det galskap, men det vil ikkje eg, seier den ihuga fjellklatraren frå Førde.

I haust klatra Håvard Sandal Høyvik sjefsfjellet El Capitan i Yosemite i USA – ein over 900 meter høg, vertikal fjellvegg. Når han no står på trappene til ein klatretur til Spania, er det for å trene seg opp til ein ny tur opp El Capitan.

– Ein skal ikkje vere redd for høgder, men ein blir fort vand med å ha fleire hundre meter under seg, seier han sjølv.

Klatraren Håvard Sandal Høyvik

DUK Å SOVE PÅ: Med seg på klatreturen opp El Capitan, hadde Håvard Sandal Høyvik og klatrefølget med seg ei flyttbar fjellhylle.

Foto: Håvard Sandal Høyvik

– Veit kva vi gjer

For så lenge han kjenner seg trygg på tauet han heng i, då går det greitt. Med seg på turen opp El Capitan hadde han og turkameraten med seg ein stram duk på under tre kvadratmeter. Der kunne dei sove, slappe av og gjere det naudsynte.

Turen opp den stupbratte fjellveggen i Yosemite tok seks dagar – dobbelt så mange dagar som vanleg, for å kunne nyte klatringa mest mogleg.

Håvard Sandal Høyvik

OPPLEVING: Det blir mange fine augneblink å samle på for Håvard.

Foto: Håvard Sandal Høyvik

– Vi ville ikkje gjere så mykje teknisk klatring, men i staden friklatre meir, fortel han.

Det betyr at dei ikkje heng fast i utstyret, berre etter hender og føter. Men, dei har sikring.

– Det er like sikkert. Det er ikkje femti-femti om vi kjem oss ned i live eller ikkje. Vi veit kva vi gjer og har marginane på vår side.

Tok ein misunnt rekord

Tjueåringen har sansen for det som er litt ekstra spennande. Medan han var heime for å jobbe seg opp pengar til ein ny klatretur i jula, knabba han til seg ein rekord opp majestetiske Storehesten i Gaular.

– Eg søker meg mot det som får det til å krible litt ekstra i magen. Det går ein veg mot at det berre skal bli brattare og brattare. At ingen før hadde klatra Storehesten på vinterstid gjorde det ekstra stas, seier han.

Håvard Sandal Høyvik

PÅ TUR: Det tek ikkje lang tid mellom kvar gong Håvard drar ut på klatretur.

Foto: Håvard Sandal Høyvik