- Gjerningsmannen var iskald

Redningsmann Pål Nesfossen kjem aldri til å gløyme redningsoppdraget i Årdal måndag kveld. Han var den første som snakka med trippeldrapsmannen. – Det var vanvittig frustrerande ikkje å kome seg inn i bussen.

Pål Nesfossen var fyrste person til Årdal

REDNINGSMANN: Pål Nesfossen ved Norsk luftambulanse seier han aldri kjem til å gløyme synet som møtte han på Valdresekspressen.

Nesfossen jobbar som redningsmann ved Norsk Luftambulanse i Bergen og var med på den fyrste utrykninga til knivdramaet på Valdresekspressen i Årdal måndag kveld.

Bergensaren snakka med gjerningsmannen i 30 minutt før han overga seg. Mannen blei då teipa fast på hender og føter.

Fekk melding om mann med kniv

På Nesfossen

TILBAKE PÅ JOBB: Nesfossen arbeider til vanleg i Bergen. Han var med på den fyrste utrykninga til knivdramaet på Valdresekspressen.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Nesfossen var på eit anna oppdrag i Lærdal og skulle fly ein pasient til Haukeland sjukehus då han fekk beskjed frå AMK.

– Vi fekk melding om at det hadde vore ei trafikkulukke på Filefjell. Vi var nærast, så pasienten vår blei send med ambulanse i staden, slik at vi kunne dra til Filefjell, fortelNesfossen.

Det var mørkt og dårleg vér på flyturen, og helikopteret kunne difor ikkje fly heilt fram. Dei siste kilometerane sat luftambulanseteamet på med ein vanleg ambulanse frå Sogndal.

På vegen fekk dei vite at det var ein person med kniv på staden.

– Det var ingenting som kunne førebu oss på synet som møtte oss. Først utanfor bussen skjønte vi alvoret, fortel Nesfossen.

Snakka med gjerningsmannen i 30 minutt

– Gjerningsmannen var bak i bussen, så vi knuste døra framme og tok oss inn til sjåføren. Han kunne vi ikkje gjere noko for. Men for å kunne hjelpe dei som låg bak, måtte vi fyrst få ut mannen, fortel redningsmannen.

Nesfossen fortel at den drapssikta 30-åringen var heilt kald og roleg.

– Eg forsøkte å snakke med han og spurde om han kunne leggje kniven frå seg. Han sa ja, men gjorde det ikkje. Då spurde eg kor mange han hadde skadd. «Tre», svara han med éin gong. Så spurde han meg om politiet var der. Eg svara nei, for eg ville ikkje lyge, seier Nesfossen.

Kommunikasjonen mellom dei gjekk på engelsk, og det var ikkje nokon avansert samtale. 30-åringen spurde fleire gongar etter politiet.

– Han var iskald. Han hadde ingen teikn til kjensler.

– Utruleg frustrerande å ikkje kunne gjere noko

Årdal - buss slepes vekk
Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Det var veldig frustrerande å sjå blod, og sjå at han var væpna med kniv. Mitt fokus var å få han til å leggja fra seg kniven, slik at vi kunne hjelpa dei som var i bussen, seier Nesfossen.

I seinare tid har det vist seg at det ikkje var noko redningspersonellet kunne ha gjort for passasjerane i bussen, men det visste ikkje Nesfossen då.

Naudetatane på staden hadde allereie avtalt å bruka handmakt på mannen når dei fikk han ut av bussen.

– Vi visste jo kva han hadde gjort med dei som var om bord, seier Nesfossen.

Då mannen endeleg bestemde seg for å kome ut av bussen, stussa 30-åringen på om han skulle leggja frå seg kniven.

– Fyrst la han den frå seg. Så tok han den opp att, før han la den frå seg att, seier Nesfossen.

Til slutt la gjerningsmannen frå seg frå seg kniven og kom ut. Då handla Nesfossen raskt.

– Eg kom meg rundt bak han, fekk tak i han og la han i bakken, og vi fekk kontroll på han saman med brannvesenet, fortel redningsmannen.

Redninsmann Pål Nesfossen var ein av dei første som kom til Valdressekspressen

Redningsmann Pål Nesfossen

Redninsmann Pål Nesfossen var ein av dei første som kom til Valdressekspressen

Redningsmann Pål Nesfossen