Hopp til innhold

Han har kjøpt 137 bilar på 63 år

Drosjeveteran Gerhard Kvammen (87) frå Sogndal kjøpte denne veka sin 137. bil.

Video nsps_upload_2009_10_15_20_23_26_4048.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Han kjøpte sin første bil i 1946. Denne veka sette Gerhard Kvammen seg bak rattet i sin 137. bil - ein Hyundai i20.

- Det er ei herleg lukt. Når du kjenner denne lukta, då veit du at du har ein ny bil, smiler han til NRK.

28 000 kroner

Det er ikkje tvil om at bilar har hatt ein sentral rolle i livet til den pensjonerte drosje- og ambulansesjåføren. Men til Sogn Avis fortel 87-åringen at det var tettare mellom bilkjøpa medan han var arbeidsaktiv.

- Bilen eg leverte frå meg i dag har eg hatt i 13 år, seier han til avisa. På det meste hadde Kvammen ti bilar samstundes. Den første nybilen kjøpte han i 1954, ein Chevrolet Bel Air for 28 000 kroner.

Måtte ha automat

Når NRK set seg i passasjersetet og følgjer turen i hans 137. bil, er det med ein pratesalig 87-åring som følgjer nøye med på vegen. Han vedgår at han måtte tenkje seg litt om før han tok kontakt med Indre Sogn Bil og sikra seg ein splitter ny Hyundai.

- Eg fann ut at neste bil skal vere med automat. Eg har ein kranglete rygg og ei vond hofte. Men så var det eit spørsmål om kor mykje eg fekk for den gamle. Plutseleg berre sa det pang. Det er mångt slag eg finner på, fortel han.

- Fine greier

Etter å ha snakka med sonen Tommy og svigersonen Jan Audun Kvammen, gjekk det fort. Det er nye bilar som har vore det store, men det har også blitt gamle bilar.

- Eg hadde ei stund ein Mercedes 1936 modell. Den måtte ha 1,5 liter. Denne er vel nede på ein halvliter. Dette er fine greier, seier mannen som i snitt har hatt to nye bilar i året sidan han fekk førarkort.

- Har vore livet mitt

Kvammen forklarar det høge biltalet med at det var naudsynt å skifte ut drosje og ambulanse med jamne mellomrom. 87-åringen plukkar fram bilete av gamle bilar og legg dei på stovebordet. Nokre av bilane hugsar han godt, andre har ikkje gjort det heilt store inntrykket. Opplevinga av å køyre bil, er han derimot klar på.

- Det har vore livet mitt å få køyre bil. Drosje og ambulanse. Det var stor stas å hente folk, seier han.

Fekk ikkje ta buss

For dottera Anne Evy Kvammen har bildilla til faren gjeve seg ulike utslag. Spesielt medan ho gjekk i skulen.

- Vi fekk aldri følgje buss. Det var meir jo stas for oss enn å køyre privatbil. Det er mest som han blir litt fornærma om vi seier at vi kan ordne oss på andre måtar, ler ho og ikkje ser vekk i frå at faren kan kome til å gå på sitt 138. bilkjøp.

- Held helsa like bra som i dag, så ser eg ikkje vekk i frå at han kan slå til igjen.