Mange eldre ønskjer å kombinere pensjon og arbeid. Nye reglar gjer no at frå 2011 kan eldre arbeide samstundes som dei tek ut pensjon frå dei fyller 62 år.
– Eg følte eg ikkje var utgått på dato, eg synst eg hadde noko å bidra med, personleg har eg oppfatta meg som ein reussurs som andre har bruk for, seier pensjonert politimann Alf Jonas Pettersen (65).
Han ville ikkje gi seg i arbeidslivet, og driv no eige konsulentfirma.
– Det var ikkje meg å starte dagen med frukost og avisa og liggje heime på sofaen. Eg følte eg måtte ut og ha kontakt med folk.
Halvparten vil jobbe
Pettersen er langt frå åleine om å ville arbeide etter at han er blitt pensjonist.
Ei undersøking som er gjort av Storebrand og Synovate viser at nesten halvparten av dei yrkesaktive mellom 60 og 65 år i Norge vil kombinere pensjon og arbeid når det blir opna for dette i 2011 gjennom den såkalla pensjonsreforma.
Ein stadig større del av befolkninga er eldre og målet med pensjonsreforma er at det skal bli meir attraktivt å vere i arbeid lengre.
Slepp redusert pensjon
Slik det er i dag vert det i dei aller fleste yrke utbetalt pensjon frå ein er 67 år, Men frå 2011 vil ein kunne ta ut pensjon frå ein fyller 62 år.
Samtidig kan ein fortsette å arbeide UTAN at pensjonen vert redusert, fortel Sara Johnsborg i NAV Sogn og Fjordane.
– Med dei nye reglane, kan du frå 2011 velge sjølv om kortid du vil gå av med pensjon. Og jo lenger du står i arbeid, jo større pensjon får du utbetalt, seier ho.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)
Nær halvparten av dei yrkesaktive mellom 60 og 65 vil ikkje pensjonere seg med det fyrste.
Foto: AUGROS PIERRE / PHOTOPQR/LE PROGRESI undersøkinga kjem det også fram at mange eldre føler deg dårleg informert om dei nye reglane.
Johnsborg i NAV seier informasjonsarbeidet endå er i startgropa
– Me internettsidane våre, der ligg det allereie i dag informasjon, i tillegg så vil det frå neste år bli oppretta ein eigen telefon.
Applauderer
Pettersen applauderer ordninga og meiner den gir pensjonistane fridom til å velje begge vegar.
– Det må vere slik at det er ein frivillig sak, nokon har ikkje helse til det, det må vi respektere, men eg trur det er ei fallitærklering viss myndigheitene går inn å seier at folk ikkje kan jobbe, seier han.
Som politimann kunne Pettersen ha gått av med pensjon for åtte år sidan, men vil ikkje gi seg med det fyrste.
– Det er vel andre som må bedømme kor tid eg går ut på dato, men eg kjem til å halde på seg lenge eg føler eg kan gjere ein jobb for andre, avsluttar han.