Hopp til innhold

Halvparten droppar ut midtvegs

Halvparten av elevane innan helse- og omsorg sluttar når lærlingetida startar. Situasjonen er kritisk, meiner fylkesdirektør.

Eldreomsorg illustrasjon

FÆRRE AV DESSE: Kommunane slit med å rekruttere nye helsefagarbeidarar. Problemet forverrar seg no når halvparten droppar ut før læretida byrjar.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Det har i fleire år vore dårlege søkjartal til helse- og omsorgsfaga i den vidaregåande skulen. I tillegg til utfordringa for rekruttering til sektoren i kommunane, blir det no også ei utfordring å halde på elevane.

For halvparten sluttar når lærlingetida startar. Det syner tal frå fylkeskommunen.

– Det er ei liknande utvikling over heile landet. Ikkje minst når dei skal gå vidare i forhold til læreplass så fell søkjarane ifrå. Det er trenden både i vårt fylke og i landet elles og, seier Fylkesdirektøren for opplæring, Bekka Skaasheim.

Skaasheim kallar situasjonen kritisk.

– Ein må vere uroleg i forhold til den mangelen vi har på fagkompetanse i kommunane, seier ho.

Må vere meir aktive

Skaasheim er ikkje overraska over utviklinga, og seier at Sogn og Fjordane fylkeskommune har jobba med dette i fleire år.

Bekka Skaasheim

MEIR AKTIV: Fylkesdirektør Bekka Skaasheim, meiner kommunane må vere meir aktive inn mot unge potensielle helsefagarbeidarar.

– Vi har jobba aktivt i forhold til rådgjevningstenesta, og kommunane har vore aktive i forhold til å seie kva behov dei har framover. Men vi lukkast ikkje med å få 15-16 åringar til å søke den utdanningsvegen.

Ho meiner kommunane og opplæringskontora må vere langt meir aktive og tidlegare ute for å komme i kontakt med ungdom for å rekruttere dei inn til faget.

– Skremmande utvikling

Gruppeleiar i Vågsøy arbeidarparti, Frode Kupen, er også uroa over situasjonen. Måløy vidaregåande skule var ein av skulane der ei helsefaglinja vart stogga grunna få søkjarar.

– Eg synest utviklinga rett og slett er litt skremmande. Det er eit yrke der vi veit vi har store behov for folk i tida framover, seier Kupen.

Og konsekvensen vert uunngåeleg, meiner Ap-politikaren.

– Har vi ikkje helsearbeidarar så har vi heller ikkje folk til å jobbe med helse.

Også ved Firda vidaregåande var talet på søkjarar så lågt at ei linje vart kutta. 35 plassar innan helse- og omsorgsfag står ledige ved dei vidaregåande skulane, og kvart år vert det færre søkjarar.

– Både for Gloppen, Nordfjord, og forsåvidt for heile Sogn og Fjordane, så er dette ei utfordring som vi må sjå ganske nøye på framover, seier ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

Berre i Nordfjordkommunanen er rekrutteringsbehovet stort. 110 tilsette i helse og omsorg er i aldersgruppa 58 pluss.

Vil ta opp saka i KS

KS-leiar Jenny Følling seier at ho har sett trenden i ein del år, og at situasjonen er veldig urovekkjande.

Jenny Følling

UROVEKKJANDE: KS-leiar Jenny Følling, meiner at kommunane har ein gylden moglegheit her til å skaffe arbeidskraft.

Foto: Dagrun Reiakvam

– Kommunane har vore bekymra, og det har vore diskutert i KS. Det er urovekkjande når vi tenker på at vi skal stå rett ovanfor samhandlingsreforma, seier Følling.

– Vi treng fleire helsefagarbeidarar i kommunane, og vi har også mange som etter kvart byrjar å gå av med pensjon. Vi må tenke på korleis vi kan klare å få fleire til å velje utdanninga.

På første komande styremøte i KS vil dei sjå på kva dei kan setje i verk for å få betre søkinga til helselinjene i seinare år, men Følling meiner det er vanskeleg å gripe fatt i problemet.

– Det blir ungdommen sitt val, og den fridomen må dei sjølvsagt få ha. Spørsmålet er om vi har vore gode nok til å fortelje dei om moglegheitane knytt til dette her, og at det faktisk er ein interessant jobb, seier ho.

Læreplassar nedprioritert

Det er også eit spørsmål om kor gode kommunane er til å tilby læreplassar.

– Det er meir å gjere på det området, og det er ein stor moglegheit for kommunane til å skaffe arbeidskraft inn i bedrifta.

– Det har vore til tider vanskeleg å få prioritert læreplassar, fordi det har vore ein stram økonomi i kommunane, men eg synest dei har blitt flinkare. Likevel trur eg det er endå meir å gå på der, seier Følling.