Hopp til innhold

Bedriftsleiar oppmodar næringslivet om å rekruttere tilsette lokalt

Næringslivet må bli flinkare til å hente nyutdanna frå Høgskulen i Sogn og Fjordane til jobbar her i fylket. Det meiner bedriftsleiar i Sogn.

Tobias Brattebø

GJER SOM OSS: Ole Petter Hatlevoll (t.h.) vil at fleire skal gjere som han. Nemleg rekruttere tilsette frå Høgskulen i fylket slik at dei ferdigutdanna studentane blir verande i Sogn og Fjordane. Sjølv har han henta Tobias Brattebø til si bedrift.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Slik det er i dag blir berre kring halvparten av dei nyutdanna frå Høgskulen i Sogn og Fjordane verande i fylket når dei er ferdige med utdanninga.

Ole Petter Hatlevoll er dagleg leiar i breibandsselskapet Sognenett, og har sjølv gjort det han meiner mange fleire andre i næringslivet burde gjere. Nemleg å rekruttere nettopp dei som har gått på skule i nærområdet.

Hatlevoll har tilsett ein nyutdanna økonom og meiner dette er vegen å gå.

– Eg oppmoda heilt klart til å bruke det vi har i fylket for det det er. Høgskulen er ein bra ting, og eg meiner folk rett og slett bør sjekke marknaden der når ein er ute etter arbeidskraft, seier Hatlevoll til NRK.no.

Kunne ikkje seie nei

Bedriftsleiaren i Sogn håpar fleire vil gjere som han, rekruttere nyutdanna studentar direkte til spennande jobbar.

Hatlevoll har sjølv tilsette ein ung mann frå Bergen, Tobias Brattebø kunne ikkje seie nei til jobbtilbodet han fekk.

– Det er eigentleg berre heilt konge. Eg får drive med alt frå sal, til leveranse og til det å snakke med kundar. Det passar flott med det eg er utdanna til, seier Brattebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tobias Brattebø

NØGD: Tobias Brattebø meiner det er ein vinn-vinn situasjon for alle om næringslivet i større grad rekrutterer tilsette frå høgskulemiljøet i heimfylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Halvparten reiser frå fylket igjen

Kvart år utdannar Høgskulen i Sogn og Fjordane kring 460 bachelor- og masterkandidatar. Av desse vert om lag halvparten att i fylket, noko som i stor grad skuldast at lærar og sjukepleiarutdanninga har mange lokale studentar.

Åse Løkeland

SAMD: Åse Løkeland er heilt med på tankegangen til den lokale bedriftsleiaren.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Rektor ved Høgskulen i fylket, Åse Løkeland, er samd i at det må til eit tettare samarbeid med næringslivet for å få endå fleire av studentane til å satse på ei karriere i Sogn og Fjordane.

– Det er ingen ulempe viss det skjer, seier ho.

– Vinn-vinn

Bergensaren Tobias Brattebø angrar ikkje på valet om å halde fram i jobb på same i området der han studerte.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon. Studentane får jobb, næringslivet frå arbeidskrafta dei treng og høgskulen får popularitet, seier Brattebø.