Hopp til innhold

Halv million til kystkultur

Kyst- og fiskeridepartementet gjev ein halv million kroner til satsinga på kystkultur i Sogn og Fjordane.

Jensbua Kystkultursenter, Utvær fyr, Vågsberget Handelsstad og autolinebåten "Haugefisk" er dei prosjekta som får støtte.

Gunhild Berge Stang, rådgjevar ved kulturavdelinga i fylkeskommunen, seier løyvinga er viktig.

- Dette er eit godt steg vidare for alle prosjekta, og gjer det lettare å få realisert planane. Vi håpar på midlar også neste år.