Jølster Maraton gjekk av stabelen laurdag og der tok Helge Hafsås sin 120 maratonsiger.
- Ei god tid
43 åringen frå Olden gjekk over målstreken til tida 2:40:33.
- Ei god tid med tanke på at dette har vore ein veldig varm dag, seier medlem i hovudkomiteen Johnny Solheimsnes.
Kollapsa i varmen
Ein mann måtte til sjukehus.
Foto: Tone Lin Søfring / NRKOg det var fleire av deltakarane som fekk merke varmen. Ein av dei kollapsa like før mål.
- Det var vel ein 20 meter før mål at han ikkje klarte meir. Det er nok varmen og væsketapet som har blitt for stort, fortel Solheimsnes.
Mannen skal ha blitt henta med ambulanse.
Ingen lokale damer i toppen
Beste dame vart Dorte Foss frå Raufoss, med tida 3:18:47.
Til saman deltok omlag 220 i konkurranseklassane og omlag 250 i trimklassane.