Av:
Eldgrim Fossheim
Sunde er 33 år, kjem frå Telemark og har vore prest i Lavik sidan 2002. Ho vart kjend gjennom media då ho for kort tid sidan fekk godkjenning som adoptivmor sjølv om ho er einsleg.
No har ho planer om å adoptere eit barn frå Afrika i løpet av våren. Sunde fortel også at ho hadde skrekk for å ta ordet i forsamlingar lenge etter at ho tok til på prestestudiet.