Hopp til innhold

Dømd for å ha oppbevart store mengder narkotika

Ein 31 år gammal mann er dømd til fengsel i eitt år og sju månadar for å ha oppbevart 4,2 kg hasj.

Norges lover

HADDE 4,2 KG: Ein mann er dømd til eitt år og sju månadar fengsel for å ha oppbevart store mengder narkotika.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Mannen er dømd for å ha kjøpt 4,2 kg hasj der 3 kg vart overdratt til andre i perioden februar 2013 til oktober 2014. Han er også dømd for å sjølv ha brukt narkotika.

I tillegg er mannen dømd for å ha oppbevart store mengder dopingmiddel. Mellom anna skal politiet ha funne ampullar med Sustanon, Enanthane, Danabol, Tri-trenabol og Titan. Han er også dømd for bruk av dopingmiddel.

Mannen vedgjekk i Fjordane tingrett forholda.

Retten ser skjerpande på dei store mengdene med narkotika mannen oppbevarte, og at mannen har hatt som mål å selje narkotikaen.

Det vart lagt vekt på i dommen at politiet kunne vise at den dømde hadde stått for omsetninga til ei lang rekkje brukarar i Sunnfjordregionen.

Den dømde har fleire dommar for narkotikareltaterte forhold. Mellom anna har mannen ein dom frå 2009 for erverv, oppbevaring og sal av til saman 23 kg hasj.

Fem måndagar av straffa er gjort på vilkår, med ei prøvetid på 3 år.