Hopp til innhold

Gut (9) var sakna etter fjelltur med klassen – funnen i god behald

Ein ni år gamal gut var sakna etter ein fjelltur med klassen sin på Hermansverk i Sogndal.

Leiteaksjon på Hermansverk i Sogndal.

LEITEAKSJON: Fleire frivillige organiserer seg for å delta i søket etter den sakna niåringen på Hermansverk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Siste: Guten er i 18-tida funnen i god behald.

Mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshundar, Norsk Folkehjelp og eit redningshelikopter var sett inn i søket etter at ein ni år gamal gut ikkje kom att etter ein skuletur til Skagasetfjellet.

Sjølve fjelltoppen ligg nær 1.000 meter over havet.

Leiteaksjonen blei organisert av politiet.

– Vi veit eit punkt, som er siste stad han vart sett av andre elevar. Siste observasjon var klokka 1415, sa operasjonsleiar Tom Øyvind Johanessen i Vest politidistrikt til NRK før guten var funnen.

– Var ikkje lenge ut av syne

Korleis guten har kome vekk frå følgjet var uvisst. Kommunedirektør i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, seier guten kom vekk frå gruppa mot slutten av turen.

Politiet fekk melding klokka 1515. Då hadde det allereie vore leita etter guten.

Guten vart funnen i 18-tida i Henjadalen, som ligg nedanfor fjellet han og skulen hadde vore på tur i.

– Han var ikkje veldig lenge ute av syne, og det vart raskt starta leiting etter guten, seier Skinlo.

Gjekk i bratt terreng

Guten har sagt til politiet at han kom vekk frå gruppa og stien i kring 650 meters høgde.

Så har han bevega seg i ein annan retning.

– Han vart funnen att på 300 meters høgde. Då var han på veg ned mot Henjadalen på ein stad ein ikkje plar ferdast, seier innsatsleiar Erik Skjerdal til NRK etter aksjonen.

Redningshelikopter i Sogndal

Guten fekk auge på redningshelikopteret.

Foto: Privat

Her blir det etterkvart bratt.

Då guten såg redningshelikopteret gjorde han seg til kjenne. Han vart plukka opp av helikopteret. Han var ikkje redd, seier han.

Hovudredningssentralen Sør-Noreg opplyser at det var bra vêr og greie søkeforhold for helikopteret.

– Dette er veldig trasig, og slikt skal ikkje skje. Dette var ein dagstur for fleire klassetrinn, sa Skinlo, kommunedirektør.

Skagasetfjellet er kring 1.000 meter høgt.