Hopp til innhold

Grus erstattar salt – bilistane jublar

SUNNFJORD (NRK): Ferske tal frå Vegvesenet syner at bruken av salt på norske vintervegar er på veg ned. Og når vegsalt blir erstatta av grus, kan det føre til færre reparasjonar for bileigarane.

Grusa veg ved Kringla i Naustdal

GRUS ERSTATTAR SALT: Her på vegen opp til Kringla i Naustdal har ein entreprenør akkurat strødd grus i vegbana.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er svært positivt. Det trur eg mange bilistar kjem til å bli glade for å høyre, seier Øyvind Dvergsdal ved NAF i Førde.

Vinteren 2020 vart 95.000 tonn med salt spreidd på riksvegane rundt om i landet. Året før var talet 113.000 tonn.

Saltet blir strødd på vegen for å få snøen til å smelte, men fører også til at bremseklossar, bremseskiver og understell på bilen kan byrje å ruste mykje raskare enn det elles ville ha gjort.

Dvergsdal og NAF seier at dei mest vanlegaste skadane dei ser på bilar som er inne til kontroll, er skade som kjem av salt i vegbana.

– Berre denne veka har eg faktisk sett fleire nye bilar som har rusta etter berre to år.

Problema knytt til rust er då også grunnen til at Vegvesenet no forsøkjer å kutte ned på bruken av salt, seier Bjørn Laksforsmo som er divisjonsdirektør der.

– Det samla nasjonale biletet er ein nedgang, og vi er fornøgde med ein utvikling der saltbruken blir redusert, seier Laksforsmo.

Rust på ein bil på Auto Forum

SALT FØRER TIL RUST: NAF kan fortelje at den vanlegaste skaden dei ser på norske bilar, er skadar som kjem av salt i vegbana.,

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Klimaet avgjer

Vêret og temperaturane avgjer kor mykje og kva tid det blir salta.

Dei siste 20 åra har ein opplevd nullføre oftare og oftare. Det er i desse vêromslaga at det blir brukt mest salt for å hindre frost på vegane.

Sjølv om bruken av salt har blitt mindre, vert fleire og fleire vegar salta.

– Det er ei auke i mengda tungtransport og krav til bar veg på hovudvegnettet med høg trafikk, seier Laksforsmo.

Mindre salt på vegane betyr ikkje mindre arbeid for entreprenørane som er ute for å halde vintervegane køyrbare.

Sesongen 2019/2020 vart det strødd 185.000 tonn sand, mot 176.000 tonn vinteren før.

Talet på kilometer med brøyta veg har også auka: frå 7,65 millionar kilometer i 2018/2019 til 9,22 millionar kilometer i 2019/2020.

– Mange stader kan det vere fornuftig å salte, fordi det er ein stor fordel å ha bar asfalt der det er mykje trafikk og høg fart. Men andre stader er grus eit fullgodt alternativ, og der er vi glade for at Vegvesenet no saltar mindre, seier Dvergsdal i NAF.

Øyvind Dvergsdal ved NAF i Førde

SER MYKJE SALTSKADAR: Øyvind Dvergsdal i NAF seier at dei ser mykje skadar på nye bilar på grunn av salt i vegbana.

Foto: Tale Høyem / NRK