Hopp til innhold

GRS Riflestocks blei Årets gründer

Hornindal-baserte GRS Riflestock stakk av med prisen i dag.

Oscar Haugen

VINNAREN: Dagleg leiar hjå GRS Riflestocks, Oscar Haugen, tek imot prisen for Årets gründer 2015.

Foto: Truls Kleiven

Det er Innovasjon Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane og Framtidsfylket som står bak kåringa, som fann stad under Temposeminaret i Florø i dag.

Vinnaren får ein premie på 100 000 kroner.

– Det er heilt overveldande. Eg hadde eit håp, men det er fantastisk å faktisk vinne, seier Oscar Haugen, dagleg leiar ved GRS Riflestocks i ei pressemelding.

Samstemd jury

Juryen og publikum var heilt samstemde, og begge hadde bedrifta som sin favoritt. GRS Riflestocks har også mobilisert kundane sine over heile verda, og verksemda mottok stemmer frå over 30 land.

– Vi har hatt ei grundig mobilisering, og vi set stor pris på alle som har stemt. Å få ein slik pris gjer at folk vert meir bevisste på kva vi gjer, noko som betyr mykje for oss, seier Haugen.

GRS Riflestocks produserer ergonomisk tilpassa geværskjefte, og har hatt ein eventyrleg vekst dei siste fire åra. Haugen tok over foreldra sin møbelfabrikk i 2009, og i 2011 la han og broren om drifta til produksjon av geværskjefte Bedrifta omsette i fjor for 12,4 millionar kroner, og årets tal peikar mot 18 millionar. I dag leverer dei geværskjefte til 38 land over heile verda, dei har i dag 18 tilsette i bedrifta.

Årets gründer 2015

ÅRETS GRÜNDER: GRS Riflestocks er kåra til årets gründer. Frå venstre: Arvid Andenæs, Hjørdis Vik, Oscar Haugen og Gro Rukan.

Foto: Kristine Folland

Gode finalistar

I forkant av kåringa skrytte nestleiar i Innovasjon Norge, Hjørdis Vik, av gründertalenta som var nominerte.

– Det er inspirerande å sjå den kreative gründergløden som er i Sogn og Fjordane. Vi har valt ut fem innovative finalistar, og det er gledeleg for juryen at dei kjem frå eit breitt spekter av fagområde. At alle finalistane har ei regional, nasjonal og internasjonal målsetjing er også noko vi set stor pris på.

Dei nominerte var:

  • Massiv Lust (Gaupne) – Norges einaste produsent av krysslimte massivtreelement
  • Smart Connect (Førde) – ein straumforgreinar med seks uttak for stikkontakt og to utgangar for USB-lading, laga av Frode Steen
  • nLink (Sogndal) – har utvikla verdas første takboringsrobot og vil revolusjonere byggjebransjen med robotteknologi
  • GRS Riflestocks (Hornindal) – produserer ergonomisk tilpassa geværskjefte
  • Loen Active (Loen) – Reiselivsbedrift som tilbyr alt mogleg innan reiseliv og oppleving, som blant anna Via Ferrata i Loen