Hopp til innhold

Greier ikkje samle seg om valdtektsmottak

Samarbeidet rundt Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er i ferd med å rakne berre eit år etter at det starta opp.

Jenny Følling

VANSKELEG: Fylkesleiar i KS meiner dette viser kor vanskeleg det blir når ei skal gjennom 26 kommunestyre. Ho oppmodar no kommunane som har sagt nei om å vurdere avslaget sitt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fem kommunar har ikkje eit klart vedtak på å støtte til mottaket for offer for valds- og seksuelle overgrep. Dermed heng finansieringa i ein tynn tråd.

Askvoll og Hornindal vil ikkje vere med grunna økonomiske omsyn. Sogndal, Leikanger og Vik vil ikkje godta at den permanente løysinga vert dyrare enn den mellombelse, og Aurland vil heller samarbeide med Bergen.

Ser at behovet er aukande

Katja Nielsen

HÅPER Å FÅ ALLE MED: Sjukepleiarfagleg ansvarleg ved mottaket, Katja Nielsen, seier behovet for overgrepmottaket er aukande.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

For sjukepleiarfagleg ansvarleg ved mottaket, Katja Nielsen, seier behovet for overgrepmottaket er aukande.

– Vi veit at det er behov for oss. I 2012 hadde vi ti saker og så langt i år har vi hatt ti saker, seier ho til NRK.no.

Etter berre eit års drift er det kommunale samarbeidet rundt Overgrepsmottaket i ferd med å få problem. 20 kommunar har vedteke å støtte drifta økonomisk, medan seks enno ikkje er med.

Askvoll og Hornindal har ikkje gjort vedtak, og Sogndal, Leikanger og Vik har vedteke å støtte drifta dersom det ikkje vert kostnadsauke. I tillegg har Aurland kommune fått avtale med Bergen legevakt.

Oppmodar alle om å bli med

Kommuneorganisasjonen KS Sogn og Fjordane organiserer samarbeidet. Jenny Følling må no finne ei løysing for å behalde tilbodet.

– KS kjem til gjenta oppmodinga om å slutte seg til. Om ikkje alle gjer det, blir det dyrare for dei 20 kommunane som har sagt ja. Vi har som ambisjon at dei som ikkje har funne pengar til å vere med, skal gå gjennom vedtaket sitt ein gong til.

Blir lagt merke til

Katja Nielsen og dei andre tilsette ved Overgrepsmottaket har på kort tid tileigna seg kompetanse som er blitt lagt merke til.

– Vi har eit døme på ei sak vi hadde der ein pasient var utsett for grov vald. Vi fekk tilbakemelding frå aktor i straffesaka at dei aldri før hadde hatt så god dokumentasjon på eit valdsoffer. Det blir ei utfordring om vi ikkje skal få halde fram med overgrepsmottaket, seier ho.