Brannvesenet har kontroll på skogbrann i Bergen

Brannvesenet har no kontroll etter at det braut ut brann i eit skogområde i Fana i Bergen måndag ettermiddag. Sivilforsvaret deltek i sløkkearbeidet utover kvelden og natta.

Skogbrann i Fana i Bergen

SVIDD: Eit større område er svidd av her ved Kolhushaugen skytebane i Fana i Bergen.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Brannvesenet rykte ut med store ressursar etter meldingar om ein grasbrann i Fana i Bergen måndag ettermiddag.

– Det brenn akkurat no bra i terrenget. Det er i alle fall 100 kvadratmeter som er svidd av. Det trekker no litt oppover i fjellsida, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen til NRK klokka 16.35.

Brannen blei varsla klokka 16.06. Klokka 18.15 melder innsatsleiar på staden brannen under kontroll.

Skogbrann Kismul

STORT OMRÅDE: Brannvesenet estimerte tidleg at hundre kvadratmeter skog og kratt var svidd av.

Foto: Bjørn Erik Nesse

Set inn Sivilforsvaret

Skogområdet som står i brann ligg sørvest for Kalandsvatnet, i retning Søfteland. Brannvesenet har tatt oppstilling ved Kolhushaugen skytebane ved Kismul.

– Det er ei utfordring med å dra slangar i terrenget, men slik eg forstår det driv mannskapet sløkking ikkje langt frå køyretøya. Det brenn nokså samla i terrenget, seier Lund.

Det er per no ingen fare for at bustader skal vera i fare.

Brannvesenet har hatt drone i lufta for å skaffa seg oversikt over brannen, men teknisk trøbbel gjer at 110-sentralen ikkje har den fulle oversikta.

– Brannen beveger seg fort. Denne regnbya som kom i går har ikkje hjelpt noko særleg. Det er knusktørt i terrenget, seier vaktkommandør Helge Lund til NRK litt over klokka 17.

Kor god tilkomst har de til området?

– Slik det er no er me greitt plassert ved skytebana ved Kismulvegen. Det er grei tilgang til terrenget også frå andre stader.

Laster Twitter-innhold

Moderat skogbrannfare på Vestlandet

Meteorologisk institutt sende sundag ut varsel om moderat gras- og lyngbrannfare i snøfrie område på Vestlandet sør for Stad.

Vakthavande ved Sivilforsvaret sitt distriktskontor i Hordaland stadfestar at dei i første omgang kallar ut to avdelingar.

– Me er i ferd med å kalla ut mannskapet no. Eg har diverre ikkje tid til å seia meir, lyder den korte beskjeden

Vitne NRK har snakka med opplyser om merkbart mindre røyk frå området klokka 17.40 enn det som var tilfellet då meldingane om brannen kom like over klokka 16.

– Det ser ut til å roa seg no, seier eit augevitne til NRK.

Skogbrann ved skytebanen på Kismul i Fana i Bergen

TUNGT TIL STADES: Brannmannskap rykte ut frå hovudbrannstasjonen i Bergen, i tillegg til stasjonane på Laksevåg, Fana og Os.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Ganske stort område

Klokka 18.05 opplyser vaktkommandøren at brannvesenet framleis ikkje har oversikt over brannen.

– Mannskapet er ute i teigane og jobbar framleis. Det er eit ganske stort område som er i brann.

– Vurderer du at de snart vil kunna få kontroll på spreiing av brannen?

– Det er ikkje meldt kontroll. Me må venta på ei stund til før me har det heile biletet her. Me ventar også på at Sivilforsvaret kjem opp her, det vil gje oss endå meir å spela på. Då får me snart 20 mann som kan gå i terrenget med lyngbrannpiskarar og pumper, seier Lund, før han legg til:

– Eg har i alle fall ikkje fått melding om at brannen har eskalert.

SKOGBRANN: Det brenn i området mellom Kismulvegen og Lyseklosterveien, vest for Kolhushaugen skytebane.