«FORE!»
Lyden av ein som svingar ei golfkølle er blitt meir normalt det siste året.
Der pandemien har sat ein stoppar for fleire lagidrettar, har individuelle idrettar, som golf og tennis, fått ein heilt ny tilhengarskare.
I 2020 mista norsk idrett 185.000 medlemmar.
– Alarmerande, sa idrettspresident Berit Kjøll.
Bytta ut fotballskoa
Men ein manns død, er ein annas brød, som det velkjente ordtaket seier.
– Eg sjekka ei lagoppstilling frå fotballaget vi har i Selje frå 2019. Sju av elleve på laget eig no eit golfsett og spelar regelmessig, fortel Aleksander Kvernevik.
Han er lærar på Stad i Nordfjord og oppdaga nyleg det han no kallar sin største hobby.
HEKTA: Aleksander Kvernevik er ein kjent skikkelse på Selje Golfklubb. – Det er sosialt, du får konkurrert og det er ein fin måte å kome seg ut og sleppe unna alt stresset som er i kvardagen, seier han.
Foto: Selje GolfklubbNår vêret tillèt det, skundar han seg heim frå jobb og reiser rett på Selje Golfklubb si bane.
Der blir han 2,5 timar.
– Synet mitt på golf var at det var lite spennande og for gamle folk. Hadde det ikkje vore for pandemien, så hadde eg hatt same syn på det no, seier golfentusiasten som oppdaga idretten i vår
I Noreg har norsk golf fått 11 prosent fleire medlemmar i koronaåret 2020.
Etter fleire år med nedgang er golfinteresse på veg opp igjen.
I fjor blei det bestilt nesten dobbelt så mange golfrundar som året før.
– Fleire vil bli den nye Hovland
Éin mann skal også ha æra for at golfinteressa aukar i Noreg.
Viktor Hovland har for alvor spelt seg inn i verdseliten i golf og er rangert som nummer 13 i verda.
– Fleire unge vil ønsker å bli den nye Viktor Hovland. Det er soleklart at når vi har ei så stor stjerne som levera på eit så høgt nivå, at han har hatt ein stor påverknad på golfinteressa som er her heime, seier Marius Thorp, tidlegare profesjonell golfspelar og golfekspert for Discovery.
FOR ALLE: Då Selje Golfklubb hadde open dag var aldersspennet på 3 til 70 år. Noregs Golfforbund har merka ein gode auke i tal på medlemmar for begge kjønn under 19 år.
Foto: Selje GolfklubbThorp er også sportssjef i Bærum Golfklubb.
– For første gang på fleire år har vi venteliste på medlemskap. Det er fulle kurs og full driving range. Ein merkar det veldig godt at fleire vil spele og snakke om golf, seier 32-åringen.
ENGASJERER: Golfekspert Marius Thorp merkar at fleire ønsker å få med seg Viktor Hovland sine prestasjonar på PGA-touren.
Foto: HÅKON RYDNINGEN / EUROSPORTLågare terskel
Tilbake på Selje Golfklubb hadde dei nyleg open dag for alle som ville prøve golf.
– Så langt i år har vi fått 30 nye medlemmar og det stoppar ikkje, seier dagleg leiar, Werner Van den Branden.
Belgiaren som flytta til Selje for fleire år sidan meiner terskelen for å begynne med golf har gått ned.
– Eg hadde inntrykket av at det var for finare folk, men det stemmer ikkje. I tillegg er det blitt rimelegare, seier Van den Branden.
FORBILDE: Fleire ønsker å bli den nye Viktor Hovland, ifølge golfekspert i Discovery, Marius Thorp.
Foto: Darron Cummings / Darron CummingsDer kostar eit medlemskap 900 kroner for vaksen og 400 kroner for born under 19 år.
Kvernevik som er gjengangar på Selje Golfklubb fortel at det også er helsemessige gode av å spele golf.
– Eg trudde det berre var gåing og at det ikkje skjedde noko med helsa eller kondisjonen, men eg merka det på kiloa og overskotet at dette absolutt har fordelar på denne måten også, seier han.
PÅDRIVAR: Werner Van den Branden har verkeleg «putta» golf på kartet i Selje.
Foto: Selje Golfklubb