Godtek ikkje kutt i busstilbodet
Ordførarane i Selje, Vågsøy og Eid går no saman for å sikre at Nordfjordekspressen opprettheld tilbodet med tre daglege avgangar frå Måløy til Oslo. Tidlegare denne månaden varsla Nettbuss at dei vil kutte i avgangane på grunn av tøff konkurranse og dårleg økonomisk utvikling. I eit brev oppmodar dei tre ordførarane fylkespolitikarane til ikkje å godkjenne endringane.