Hopp til innhold

Bedrifter i Sogn og Fjordane har størst overlevingsprosent i landet

Sogn og Fjordane er staden å vera om du ber på ein forretningsidé. I alle fall om vi skal tru tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Digital Etikett

OVERLEVDE: Kjetil Hovland og Øyvin Tørvi i Digital Etikett. Bedrifta har overlevd, og gjort det godt.

Foto: Digital etikett

Verksemder etablert i Sogn og Fjordane har størst sjans for å overleve. Det seier ei undersøking SSB nyleg gjorde.

40 prosent av bedriftene som vart etablert i 2005 var fortsatt i drift i 2010. Talet for verksemder etablert i Oslo i same tidsrom er nede i 25 prosent.

Overlevde

Digital Etikett vart etablert i 2007. Bedrifta, som ligg i Luster, har ikkje berre overlevd, men klarar seg også bra. Dei trykker digitale, sjølvklebande etikettar.

– Eg trur at hovudstyrken til bedrifta er at eg er ein salsmann, seier dagleg leiar Kjetil Hovland.

Han reiste tidleg rundt i landet og besøkte kundar i marknaden. Digital Etikett investerte også i det siste av utstyr.

– Mange trur det er nok å laga ei internettside med info, men det er vel så viktig å banka på dørene til kundane, seier Hovland.

Lerum er kundar

Han trur også det er viktig å ikkje berre satsa lokalt, men også nasjonalt.

Hovland budde lenge i Oslo, men reiste heim til Sogn for å starta bedrift.

– Det hjalp mykje at vi fekk Lerum som kundar. Dei har brukt det at etikettane deira er lokale og digitale i marknadsføringa, fortel han.

Flittige gründarar

Andre Kalstad i Innovasjon Norge seier at det er flott at så mange bedrifter i Sogn og Fjordane overlever. Han har skrive ein kronikk om emnet.

Andre Kalstad

ROSER: Andre Kalstad i Innovasjon Norge roser gründarane i Sogn og Fjordane.

Foto: Innovasjon Norge

– Gründarane i Sogn og Fjordane er flittige, nøysomme og smarte. Dessutan trur eg dei har ei anna tilnærming til å starta ei bedrift, dei har vilje, seier Kalstad.

Han meiner at dei som lukkast er dei som tør å tenka litt nytt og annleis.

– Bedriftene i Sogn og Fjordane slit med dei same utfordringane som bedriftene i Oslo. Til dømes høge produksjonskostnader, dyr arbeidskraft og høge prisar på råvarer, seier Kalstad.

I tillegg er infrastukturen og transport ei større utfordring for bedriftene i Sogn og Fjordane enn i Oslo.

Staden å vera

Gründarane har eit godt apparat rundt seg.Kommunane, fylkeskommunen og Innovasjon Norge er alle med på å få bedriftene i fylket opp og fram.

– Dei har kanskje ei anna tilnærming til gründarar her enn i storbyane der det står fleire i kø for rådgjeving og liknande, seier Kalstad.

Han kan seia med handa på hjartet, at Sogn og Fjordane er staden å vera om du ber på ein forretningsidé.

– Kva er det viktigaste ei bedrift kan gjera for å overleva?

– Eg trur at det norske bedrifter er for lite marknadsorienterte. Ei bedrift må sjå ut mot kundane sine og kva dei treng. Eg trur også at dei som tør å tenka nytt overlever.