Hopp til innhold

Aldri har så mange svinga seg i Åbergsdalen ein fredag

Sande Dansefestival, som i år markerer femårsjubileum, hadde rekordpublikum fredag kveld.

– Det har vore heilt fantastisk med sol og blide folk. Det er meir folk enn nokon gong, seier festivalsjef Per Kapstad.

Fredag kveld var over 800 besøkande innom festivalen.

Vêret snudd - telefonen byrja å gløde

Vertinne Ingvild Ness, som saman med ektemannen Eirik, eig garden der festivalen går føre seg i Åbergsdalen, seks km sør for Sande, har hatt stor pågang dei siste dagane.

– Når folk såg at vêret snudde, så har det vore raud linje på telefonen. Det har kome mykje meir folk enn vi hadde trudd, seier Ness, som har mange hundre campande gjester på bøen nedanfor gardstunet.

Ingvild Ness og Per Kapstad

STRÅLANDE NØGDE: Ingvild Ness og Per Kapstad gler seg over stort oppmøte på Sande Dansefestival.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I løpet av dei tre festivaldagane frå torsdag til laurdag skal heile åtte danseband i aksjon på to scener, fordelt på garden sin låve, og eit stort telt midt på tunet.

Konkurrerer ikkje mot Malakoff

At den store rockefestivalen på Malakoff samstundes blir arrangert på Nordfjordeid, uroar ikkje arrangøren.

– Eg trur vi er ein utfyllande festival i høve til Malakoff. Vi har eit anna publikum, i tillegg har vi mykje besøkande frå Hordaland, så eg trur ikkje av vi konkurrerer i det heile tatt, seier Per Kapstad.

Artikkelen held fram.

Einar Lunde, Margunn Holme og Jan Helge Sellevoll

BUSS-HYGGE: Einar Lunde (f.v.), Margunn Holme og Jan Helge Sellevoll storkosar seg på dansefestival.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kjem att år etter år

Etter fem år har han og dugnadsgjengen på Sande klart å byggje opp ein fast tilhengjarskare som kjem att år etter år.

På festivalcampingen, i ein stør, velutstyrt buss, ombygd til bubil, møter NRK sambuarparet Jan Helge Sellevoll og Margunn Holme frå Førde. Dei har vore her før, og kjem gjerne att.

–Eg likar å støtte opp om det som skjer i nærmiljøet og det er veldig koseleg stemning her, seier Sellevoll.

Kammeraten Einar Lunde frå Svelgen har vore på alle dansefestivalane i Åbergsdalen.

– Eg kjem att kvart år. Det er ein liten intimfestival. Så lenge den ikkje blir for stor, og held seg på dette nivået, trur eg den blir ein suksess år for år, seier Lunde.

Saknar bonden

Men ei ting saknar Lunde:

– Eg må seie at i år saknar eg Eirik (mann til gardsvertinn, jour.anm.). Han må visst vere på jobb ute i Nordsjøen ein stad. Vi er mange som saknar han her, seier han.

Og mens ektemannen ikkje får med seg årets festival har kona Ingvild Ness full kontroll på arrangementet.

– Vi ofrar sommarferien, og vi ein slått til campingen, men det er verdt det!, fastslår eldsjela.