Hopp til innhold

Rekordstart for Malakoff

Trass 20.000 på Muse-konsert i Bergen: Malakoff Rockfestival sette ny publikumsrekord då festivalen starta fredag kveld.

Arnt-Ivar Naustdal

KJEKKE TAL: – Hyggjelege besøkstal, og hyggjeleg stemning, strålar festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal på Malakoff Rockfestival.

Foto: Stian Sjursen / NRK

– Det vart ein magisk og legendarisk fredagskveld på Malakoff. Vi har ikkje det eksakte talet klart, men rundt 6000 publikummarar var innom portane. Vi har aldri hatt over 5000 på fredagskvelden, seier ein strålande nøgd festivalsjef, Arnt-Ivar Naustdal.

Muse-konserten inga hindring

Den siste veka har ein media kunne høyre påstander om at dei store konsertane i Bergen stel publikum frå festivalar i Sogn og Fjordane, etter at både Glopperock, FotballFlora og Sommarfest i Sunnfjord har hatt nedgang i besøkstala.

Men med 20.000 på Muse-konsert på Koengen i Bergen fredag kveld, sette altså Malakoff på Nordfjordeid likevel publikumsrekord i sitt åttande år. Samtsundes var også over 800 betalande innom portane til Sande Dansefestival i Gaular – også det rekord.

– Dette med at Bergen stel publikumet kan vi berre le av. Det er ikkje dei vi konkurrerer med, seier Arnt-Ivar Naustdal på Malakoff.

Fleire tusen alt i 14-tida laurdag

Når NRK snakka med festivalsjefen på telefon litt etter klokka 14 laurdag ettermiddag, vart det alt fleire tusen mennekse inne på festivalområdet..

– Det er skikkeleg kult. Då første bandet, The Blacksheaps gjekk på scena halv to, var det alt godt med folk. Og det er mykje familiefolk her no på dagtid som sit og kosar seg med musikk og piknik, fortel Naustdal.

Ventar meir folk laurdag kveld

Og mens fredagen vart rekord, kan festivalleiinga truleg vente seg minst like gode tal når laurdagskvelden er tilbakelagt.
– Laurdagen har i alle år vore største dagen, og alt no vil eg anslå at det er om lag 1500 menneske på festivalområdet som ikkje var her i går, seier Naustdal.

Men ifølgje festivalsjefen er det lenge igjen til kapasiteten på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid er sprengt.
– Utfordringa er bar- og toalettfasilitetar, men også dette har vi god kontroll på og skal fint klare å ta oss av dei som måtte ta turen i kveld, lovar Malakoff-sjefen.

Konsertar frå to scener

Nytt av året er det at Malakoff tilbyr konsertar frå to scener samstundes. Den store hovudscena, og ei mindre amfiscene.

– Nokre av dei flottaste konsertane fredag kveld, tykkjer eg vi hadde på den nye amfiscena, seier Naustdal.

Lite å melde frå politiet

Politiet rapporterer så langt om to episodar frå festivalen. Ein mann vart fjerna frå festivalområdet etter å ha laga bråk, mens ein annan har erkjent bruk av hasj og amfetamin.

Desse spelar laurdag:

Timbuktu & Damn! (SE), Bob Hund (SE), Sivert Høyem, John Olav Nilsen & Gjengen, Shining, Susanne Sundfør, Jaga Jazzist, The Blacksheeps, Skambankt, Djerv, Svelene, Howl, Tellusalie, Lucy Swann, Egil Olsen.

Desse spelte fredag:

Big Bang , Enslaved, Thomas Dybdahl, Johnossi (SE), Navigators, Cumshots, The Pink Robots, Purified in Blood, Jack Dalton.