Eline Fannemel frå Hornindal vart nummer seks laurdag, men ho skaut og gjekk seg inn til ein sterk andreplass søndag. Og plasseringa kunne fort vorte endå betre, berre eitt sekund skilde ho frå å vinne rennet.
Tarjei Bø også nummer to
Og ho var ikkje den einaste som tok ein andreplass i Norges-cupen i helga. I nittenårsklassen viste Tarjei Bø, som går for Markane IL, seg fram. Ein andreplass og ein sjetteplass var statusen hans etter norgescup-starten i helga. Den ambisiøse nordfjordingen, som går i nittenårsklassen, er likevel ikkje heilt nøgd med plasseringane.
Ikkje heilt nøgd
Til dagleg går Bø på Toppidrettsgymnaset på Lillehammer, og han trenar dagleg med mange av dei hardaste konkurrentane. Trass i at det ikkje gjekk 100 prosent som planlagt i helga, er han i rute med ein andreplass i samandraget.
Ingvild Flatland til topps
Også fleire andre gjorde gode prestasjonar i Noregs-cupen i skiskyting. Kenneth Aaland frå Stårheim IL tok ein andreplass på normaldistansen i 17-årsklassen laurdag, og Ingvild Flatland frå Vik vann klasse senior B på sprinten søndag.