Hopp til innhold

Gloppestad tek attval i Gloppen

Leidulf Gloppestad tek attval som ordførar for Senterpartiet i Gloppen. Han har hatt vervet i éin periode. På andreplass står Per Jarle Myklebust. Dei vart valt på medlemsmøte i går kveld. Senterpartiet har hatt makta i Gloppen i over 50 år. Ved sist val fekk dei over 40 prosent av røystene.

Leidulf Gloppestad
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK