Mange i Gloppen kommune vil helst berre ha kvite innvandrarar, meiner Andreas Tjomsland, sjølv innvandrar til kommunen.
Nedlatande
Tjomsland meiner han ofte møter glopparar som har nedlatande haldningar til flyktningar.
– Mange vil heller ha kvite europearar til kommunen, seier Tjomsland.
Folketalet går dramatisk nedover i Gloppen, som er den kommunen i Sogn og Fjordane med størst nedgang i folketalet. Kommunen har difor betalt 60.000 kroner til ein organisasjon som skal skaffe tilflyttarar frå Nederland og Tyskland. Men samstundes vil kommunen redusere talet på flyktningar i kommunen.
- Gloppen for alle
Tjomsland meiner det er heilt forkasteleg å handtere tilflyttarar så ulikt.
- For å få tilflyttarar til kommunen, må alle bli ynskt velkomne, seier han.
Dårleg råd
Ordførar Anders Ryssdal kjenner seg ikkje att i kritikken.
- Vi tek godt mot flyktningar. Det er økonomiske årsaker som gjer at vi vurderer å redusere talet på flyktningar i framtida, seier Anders Ryssdal.
Stor ressurs
-Dei som kjem hit er faktisk ein stor ressurs, men dersom dei ikkje blir behandla slik, så reiser dei til byane og tar med seg arbeidskrafta, statsstøtta og stå-på-vilja si dit, seier Andreas Tjomsland.