Hopp til innhold

Glatte vegar på fjellet: – Ta på vinterdekk

Ein bil har allereie vore av vegen i dag, og no åtvarar Statens vegvesen om glatte vegar.

Vintervegar

GLATT: Desse bileta er henta frå Statens vegvesen sin webkamera, og syner situasjonen i føremiddag på Fylkesveg 50 (Aurland-Hol) i Vestredalen (t.v.), Riksveg 52 på Hemsedalsfjellet, og E16 på Filefjell (t.h.)

Foto: Statens vegvesen: Webcamera

–Både i dag og i morgon er det stor sjanse for kvitt om morgonen og kvelden. Folk bør vurdere vinterdekk. Ein bil har allereie vore utfor vegen på Filefjell, seier Jan Erikstad i Statens vegvesen.

Det gjekk bra med både bil og førar på Filefjell. Erikstad fortel at det er meldt nedbør og ganske kaldt heile dagen, og at ein brøytebil vore i aksjon.

– Folk må rekne med at det kan vere glatt på nokre parti i dag.

Spesielt morgon og kveld

Sognefjell

SOGNEFJELLET: I føremiddag.

Foto: Skjolden.com: webcamera

Biletet lenger oppe syner situasjonen på Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol, Riksveg 50 på Hemsedalsfjellet og E16 over Filefjell.

– Dersom folk skal over dei neste to dagane bør dei vurdere vinterdekk, spesielt om dei skal over på morgon eller kveld, seier Erikstad.

– Midt på dagen vil det nok vere betre, seier han.

Må rekne det for vinterfjell frå laurdag

Erikstad seier at det ser ut til å bli mildare på torsdag, fredag og på dagen laurdag.

Men frå laurdag kveld vil det verte kaldare, fortel han.

– Frå laurdag kveld og utover må ein rekne det for vinterfjell. Etter langtidsvarselet er det vinterdekk frå då av. Men meldingane vil sjølvsagt variere. påpeikar han.