Hopp til innhold

Glatte vegar over heile fylket

Det er svært glatt over heile fylket. Statens vegvesen ber folk om å ta det roleg.

Dårlig vær på fjellovergangene.

DÅRLEG VÊR: Det er dårleg vêr og koyreforhold over heile Sogn og Fjordane.

Foto: Atle Romøren

Natt til laurdag og utover dagen har fleire vegar vore stengde grunna dårleg vêr og køyreforhold.

– Vinden polerer vegane slik at den blir svært glatt, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegmeldingssentralen.

Opplever telefonstorm

Nedreberge Hille seier dei har fått inn ei rekkje meldingar på glatte vegar over heile Sogn og Fjordane. Han fortel at det er spesielt glatt i ytre strok.

– Vi har fått utruleg mange telefonar frå folk, seier Nedberge Hille til NRK.no.

Statens vegvesen har sendt entreprenørane ut på oppdrag over heile fylket, og vaktoperatøren fortel at det nærast er umogleg å ta unna alt.

– Det er vanskeleg å halde vegane vedlike i dette vêret. Strøbilane køyrer det dei kan, men med den vinden som er no, går det dessverre ikkje lange tida før sanden ligg i grøfta att, forklarer han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Snø sprengjer budsjetta.

NETT-TV: Snø sprengjer budsjetta til kommunane.

– Køyr etter forholda

Hemsedalsfjellet opna att ved 14-tida i ettermiddag etter å ha vore stengt i dag tidleg. Vegen skal vere open for kolonnekøyring i nokre timar, ifølgje vaktoperatøren.

  • Det er framleis kolonne mellom Hol og Aurland
  • Sognefjellet er stengt
  • Gaularfjellet er stengt

Nedberge Hille oppmodar folk om å vere forsiktige når dei ferdast på vegane. Han ber folk om å avpasse farta etter forholda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.