Hopp til innhold

Gladmelding frå statsmeteorologen

Gladmelding til alle vestlendingar: Vindtette plagg, paraplyar og regnklede kan du byrje å pakke vekk. Kommande veke må solbrillene fram.

Det går mot vår på gamlesætra Vangberg.

GODVÊR: Det er duka for sol og flott vårvêr kommande veke. Bilete er frå gamlesetra Vangberg i Olden.

Foto: Ola Vangberg

Det glade bodskapen kjem frå statsmeteorolog Haldis Berge. Og er godt nytt etter ein periode med mykje vind, og nokre våte dagar.

– No er det berre å klare seg gjennom helga med bygevêr og fare for tore fram til måndag. Då byggjer det seg opp eit høgtrykk over Sør-Norge, så det ser ut til å bli stort sett fint vêr heile veka, seier ho.

Nattefrost

Statsmeteorolog Haldis Berge

STATSMETEOROLOG: Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

Torsdag vart eit vått døgn med over 100 millimeter nedbør fleire stader på Vestlandet. Våtast var Hovlandsdal i Fjaler med 135,3 millimeter nedbør. Vinteren i år har vore uvanleg mild, faktisk den mildaste på 153 år.

I mangel på snø har skitrekka knappt nok hatt ope . Sjølv med snøfallet siste tida . No er det berre å byrje å planlegge vårstell i hagen.

– Det kan henge att nokre byer natt til måndag, slik at det kan vere morgontåke måndag morgon. Elles ser det ut til å bli frost natt til måndag, tysdag og onsdag, og dagtemperaturar på fem-seks varmegrader. Noko varmare på kysten, seier Berge.

Finn veke, fin helg

Temperaturane blir ikkje dei høgaste fram til onsdag. Så vil temperaturane stige fram mot helga. Onsdag og torsdag kan det komme nokre skyer sigande, men særskilt nedbør er det ikkje venta å bli dei neste ti dagane. Dersom prognosane skulle slå til, vel og merke.

– Fredagen ser det igjen ut til å bli fin. Til og med neste helg blir fin, men så blir det meir usikkert, seier Berge.

– Då er det berre å slå seg laus i hagen?

– Det er det jo, men ein skal vere obs på nattefrosten med tanke på plantane. Men å rydde er absolutt ein fin ting.