Ho tevla mot meir enn 100 andre skribentar då ho til slutt stakk av med den gjævaste prisen i skrivekonkurransen, der temaet for konkurransen var kvinneliv i Norge i 2015.
– Eg sat der med innkalling til gynekologtime og kom til å tenkje på at dette er ein stor del av kvinnelivet. Dermed fann eg ut at eg skulle skrive eit brev til mitt eige underliv, seier Barmen.
Er ikkje noko å skamme seg over
Essensen i teksten, som du kan lese i sin heilskap her, er kjenslene mange kvinner har når dei hamnar i stolen hjå gynekologen.
– Eg trur det er god, gammaldags skam som ligg og lurer i krokane. Det er også noko av grunnen til at eg valde å skrive om det, seier Barmen.
Ho har fått tilbakemeldingar på at ho er modig som skriv om noko som er så privat, men det er ho ikkje heilt samd i.
– Det er jo ikkje det. Dette er noko som alle kvinner må gjere innimellom, og det må vi ikkje skamme oss over å snakke om, seier Barmen.
Ypparleg til festbruk
Sjølv har ho ein låg terskel for å dele opplevingar, og i vennegjengen hennar hender det titt og ofte at dei er innom tematikken.
– Det er noko av det mest morosame å snakke om på fest. Det kan eg tilrå alle jenter å gjere på fest, seier Barmen.
Mange har gitt henne tilbakemeldingar på at dei kjenner seg godt att i teksten hennar. Men nokon har også vore negative.
– Eg har oppfatta at det har vore nokre sure mannfolk som har lurt på om dette er noko å sutre over. Men eg skuggar over kommentarfelt. Eg held meg til dei som er positive, seier Barmen.
– Trur du gynekologar kunne lært noko av det du har skrive?
– Det kan hende. Men eg går ut ifrå at dei fleste av dei veit kor utruleg kleint og ekkelt det er å blotte seg for eit ukjent menneske, seier Barmen.