Hopp til innhold

Gjekk til angrep på legen

Ein pasient gjekk laus på og skada lege og ambulansepersonell i Svelgen natt til 2. juledag.

Fjordenes Tidende skriv at pasienten også øydela bilen til legen, ambulansebilen og gjorde skade på helsesenteret. Han knuste mellom anna ei vindauge på helsesenteret.

- Hendinga førde til store person- og materiell skader, opplyser legevaktansvarleg i Bremanger, Kan Shanker, til avisa.

Shanker er rysta og seier at dette kjem til å føre til innskjerping av rutinane for å ta vare på tryggleiken til helsepersonellet.

Han seier dei vil komme til å vurdere politibistand i saker der pasientar viser seg å vere alkoholpåverka eller valdelege.

Politiet ønskjer ikkje å kommentere denne saken, men seier at det kjenner til den.