Hopp til innhold

Trassa regn og motvind og sykla i lag likt over målstreken etter 13 timar

Etter 430 knallharde kilometer på sykkelsetet, sykla dei tre likt i lag over målstreken.

Vinnarane Jotunheimen Rundt

VINNARGRUPPA: Odd Arne Engesæter, Helge Vangberg og Jon Christian Jacobsen sikra sigeren i årets utgåve av Jotunheimen Rundt.

Foto: Christian Blom / NRK

Odd Arne Engesæter (Bergen Triathlon), Helge Vangberg (Førde CK) og Jon Christian Jacobsen (Bergen CK) delte dermed sigeren i årets utgåve av Jotunheimen Rundt.

– Det var svært tøffe forhold over fjellpartia, ikkje minst gjorde vinden det tungt for tetgruppa, fortel Jon Stedje i Sogn CK, som arrangerer det knalltøffe rittet.

Tida 13 timar 11 minutt og 40 sekund er eit godt stykkje bak rittrekordensom er i overkant av 12 timar. Det må nok vêrgudane ta sin del av skulda for.