Hopp til innhold

Gir opp kampen om hekketrona

Eivind Stavang storma inn til sin andre sølvmedalje på to år på korthekken. Han trur ikkje han er i stand til å erobre tilbake NM-gullet.

Eivind Stavang tok sølv i NM

SØLV: Her konstaterer Eivind Stavang at det blir NM-sølv for andre året på rad på 110 meter hekk. Det var Florø--sprinteren godt nøgd med.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 14,67 på 110 meter hekk sikra Eivind Stavang seg laurdag NM-sølvet for andre året på rad.

Unge Vukicevic blir for tøff...

Igjen vart Vladimir Vukicevic for sterk med 14,20. Og slik trur NM-vinnaren frå 2008 og 2007 at det vil halde fram også i åra som kjem.

- Det gjekk som eg hadde tenkt i dag. Eg hadde berre tredje årsbeste, så då var det bra å dra i land sølvet, meiner Stavang.

- Men Vladimir kjem nok til å ha ei anna utviklingskurve enn meg framover, så han blir det vanskeleg å slå, seier Florø-sprinteren.

... men kan presse fram betre tider

No håpar han heller å kunne hamle opp med den norske sprinteliten på korthekken innandørs – der har han gjerne større sjanse.

Dessutan: Konkurransen frå Vukicevic kan presse Stavang til betre tider.

LES OGSÅ:

- Det hadde vore moro å senke krinsrekorden, seier Stavang.