Lammeslakt hjå Gilde. NRK-arkiv.
Sauebønder er frustrerte over måten Gilde handsamar dei på. I eit skriv seier fleire bønder i Sogn og Fjordane at det er i ferd med å utvikle seg til ei tillitskrise mellom sauehaldarar og samvirket.
Pristrekk
Bøndene reagerer først og fremst på eit pristrekk som er innført på lam over 23 kg. Det trekket råkar bønder i Sogn og Fjordane sterkt. Pristrekket vart innført i fjor. I tillegg meiner sauebøndene at kjøt produsert på innmark og med kraftfôr vert premiert, medan bønder med dyr på utmark vert straffa. Dette krev sauebøndene at Gilde gjer noko med.
Tilførselsansvarleg Aslak Fiskaa i Gilde Vest har ikkje forståing for denne kritikken. Han forklarer 23 kilos grensa med overproduksjon av lammekjøt.
- Dårleg forhold
- Forholdet mellom oss er blitt dårleg, seier sauebonde Atle Løvland. Konflikten mellom sauebønder og samvirket har no spissa seg slik til at bøndene vurderer å gå over til private slakteri om ikkje noko vert gjort. Sjølv har Løvland byrja å levere til Nordfjord Kjøt i staden for Gilde.