MS «Ventura» er med sine 113.000 bruttotonn eit av verdas største cruiseskip.
På Wikipedia si liste over verdas største, figurerer «Ventura» på ein 27. plass, men berre 3000 tonn skil den frå 17. plassen.
Måndag stal kollossen utsikta til bebuarar ved Dokkeskjærskaien i Bergen. Onsdag fanga ei NRK-linse skipet ved kai i Flåm, og i dag på Kristi himmelfartsdag vart «Ventura» fotografert i Vågsøy på veg frå Olden til Geiranger.
Cruiseskipet har kapasitet til 3100 passasjerar fordelt på 1550 kabinar, og mangedobla dermed innbyggjartalet i både Flåm og Olden under sine besøk i vestlandsbygdene.
Med sine 290 meter frå baugen til akterenden er det likevel nokre centimeter opp til verdas største cruiseskip, Royal Caribbean Internationals «Oasis of the Seas», som med sine 225.000 bruttotonn og 362 meter vart sjøsett i 2009. Ventura har derimot plass til fleire passasjerar enn det noko større og verdskjende cruise-ikonet Queen Mary 2.
«Ventura» vart sjøsett i 2008. Om bord kan gjestene bevege seg på 14 av totalt 18 dekk, spise i åtte restaurantar, shoppe i seks butikkar, svømme i fem basseng og la seg underhalde i tre lounger, mellom anna den største teaterscenen på eit britiskeigd skip, ifølgje Wikipedia. Skipet som er eigd av P&O Cruises i Southampton i England, er registert på Bermuda.