Hopp til innhold

Ghanesar imponerte under prøvespel

Gilbert Koomson (18) frå Ghana leverte sakene då han prøvespelte for Sogndal under tysdagens treningskamp mot Fana på Fosshaugane.

Gilbert Koomson

PRØVESPELTE: Ghanesiske Gilbert Koomson prøvespelte for Sogndal under treningskampen mot Fana tysdag. Der overbeviste han sportsleg leiar Håvard Flo om at han er Sogndal-materiale.

Foto: Rune Sjøberg

Kampen enda 3-1, etter to mål av Ulrik Flo og eit av Kristoffer Nesse Stephensen. Koomson hadde to målgjevande pasningar og var såleis aktivt med i kampen.

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, var nøgd med den unge ghanesaren sine ferdigheiter på bana.

– Gilbert gjorde sakene sine bra, han. Vi ser at guten har bra spissferdigheiter i form av at han er rask. Han er veldig bra med ball og god på val. Så guten er definitivt ein god spelar.

– Passar inn i Sogndal

Kantspelaren frå Ghana spelar til dagleg for BEC Tero Sasana i eliteserien i Thailand. Tidlegare har han spelt for fotballklubben Ajax Accra i Ghana, og hadde det ikkje vore for visumtrøbbel hadde han også blitt send av garde til britiske Stoke City for prøvespel.

Flo hadde før kampen håp om at Koomson skulle involvere seg positivt i kampen, og ghanesaren leverte.

– Han hadde to målgivande pasningar i dag, så det var bra.

– Er han ein spelar som kan passe inn i Sogndalslaget?

Ja, det meiner eg bestemt. Som sagt har han veldig mange ferdigheiter, og eg vil også kalle det spissferdigheiter, for han er relativt ekstrem på det med at han er rask og at han er god på rykk. Ikkje minst har han også eit bra fotballhovud, så han har definitivt noko som appellerer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo scora to mål

TO MÅL: Ulrik Flo (til venstre) scora to av dei tre måla til Sogndal då dei vann 3–1 over Fana i treningskampen.

Foto: Rune Sjøberg

Ingen forhandlingar endå

Sogndal har førebels ikkje gått inn i forhandlingar med den thailandske arbeidsgivaren til Koomson. Flo seier det kan vere mogleg at dei vil hente han, men at ingenting er bestemt endå.

– I løpet av dei neste dagane vil vi nok komme til ein eller annan konklusjon, men eg trur ikkje det vert avgjort noko i morgon eller neste dag.

Han vil heller ikkje seie noko om kva pris dei ved eit eventuelt kjøp kan måtte betale for 18-åringen.

– Det einaste eg kan seie er at vi er aktive i marknaden, både internasjonalt, nasjonalt og lokalt, for å sjå på spelarar som kan passe vår portefølje og vår profil. Tida vil vise kva som eventuelt skulle komme i framtida, seier Flo.

Vil vurdere nøye

Azar Karadas

VIKTIG FOR LAGET: Som alle andre lag vurderer også Sogndal kjøp og sal, men Azar Karadas vil dei ikkje selje.

Foto: Rune Sjøberg

Han seier dei først må vere sikre og ha oversikt over eigen stall.

– Når du hentar nokon skal det passe inn i laget, så vi vil gjere nokre nøye vurderingar i forhold til det og så får vi sjå kva utfallet vil bli.

Ifølgje Flo har Sogndal for augneblinken ingen andre konkrete spelarar dei har planar om å prøve ut.

– Vi ser kva som er tilgjengeleg og har mange på blokka, men det kan vere vi er tilfreds med dagens stall og at vi ikkje gjer noko i det heile. Men det er viktig at ein har oversikt og er klare til å kunne agere dersom det skulle vere behov for det, seier han.