Raset vart meldt i 0730-tida tysdag morgon. Cathrine Therese Kvammen frå Viksdalen var ein av dei første som kom til staden etter at steinane hadde kome ned.
– Det var store steinar. Hadde det kome ein bil forbi, og blitt treft av steinane, så er eg redd at det hadde gått ille, seier ho.
Stein på 300 kilo
Magnar Egil Øren Gangsø hos Opedal Drift fortel til NRK i føremiddag at det ligg mellom åtte og 12 større steinar i vegbana. Den største på kring 300 kilo.
Raset har dundra i vegbana kring ein meter innanfor skiltet som åtvarar mot rasfaren. Matbjøra ved Eldalsosen er rasutsett.
– Frå vegen er det problematisk å sjå sleppområdet. Fjellet er ganske svart. Men det kan vere ei større blokk som har losna og knust seg mot ein fjellnabb lenger nede, seier han.
Geolog i helikopter
Ein geolog har vurdert om det kan komme ned meir stein frå den rasutsette fjellsida.
Pendlarane i området ynskjer seg tunnel forbi Matbjøra. Etter eit større ras i juli 2013 garanterte ein geolog at det ville komme nye ras.