Hopp til innhold

Her kvir geologen seg på å køyre

Geolog Svein Helge Frækaland garanterer nye ras, kva tid som helst frå Matbjøra i Gaular. Likevel vil ikkje han ikkje stengje vegen.

Matbjøra

STEINRAS: Slik såg det ut på fylkesveg 610 ved Matbjøra i Gaular tysdag. Dette var tredje raset på like mange månader.

Foto: Magnar Hellebust

Etter å ha synfara fjellpartiet frå helikopter, seier Svein Helge Frækaland til Firda at heile fjellpartiet er oppsprokke og at det kan gå ras alle stader på den vesle kilometer der vegen er trongast.

– Steinsprang har det med å komme i «byger». Når det først kjem eitt, så kjem det gjerne fleire. Men om denne «byga» er på tre steinsprang, eller fleire, det veit vi ikkje enno, seier han til avisa.

– Vi er ganske skjelvne

Magnar Hellebust

SKJELVEN: Magnar Hellebust.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I år har det gått tre steinsprang på fylkesveg 610 i Viksdalen. Seinast tysdag ettermiddag då fleire bilar var nær ved å bli treft.

I april rasa det to gonger med berre nokre få timars opphald.

– Vi er nok ganske skjelvne her vi står, det var like før raset trefte bilane, fortalde Magnar Hellebust til NRK.no tysdag.

Vil ikkje stengje

Steinblokk i vegen ved Matbjøra

BLOKK: Blokka på ein halv kubikk rasa i vegen i april.

Foto: Privatfoto

Sjølv om geologen garanterer nye ras, og vedgår at han ville kvidd seg på å køyre forbi der dagleg, vil han ikkje stengje vegen.

Han seier det er fleire andre tilsvarande parti som er i liknande situasjon og at vurderinga blir gjort ut frå frekvensen på rasa og trafikkmengd.

– Med så lite trafikk som det er forbi her, er sjansen for at ein bil blir treft av ein stein mykje mindre enn om vi hadde snakka om t.d. E39, seier han til Firda.

– Er like mykje verdt

– Ser ein slik på det, så er vel liva like mykje verdt uansett kva veg du køyrer på, seier Hellebust, som sjølv har arbeidd mange år i Statens vegvesen. Han både kjenner og forstår argumentasjonen til Frækaland, men meiner likevel at planane om tunnel frå 60-talet burde pussast støv av.

I tillegg til Matbjøra, er Hestebeit, kring halvannan kilometer unna, eit kjent raspunkt.

– Det som er urovekkjande er at rasa siste åra har kome i eit område der det tidlegare ikkje har vore nedfall. Dessutan er det eit område lenger nede som var svært aktivt inntil tre-fire år sidan, med steinar som kjem frå 800 meters høgde, seier han.

Fryktar vil komme meir

– Eg er uroleg for at der vil det snart komme meir ved Hestebeit. Frekvensen var på to-tre nedfall i året, seier han og minner om at det er ein god del innbyggjarar i Viksdalen som pendlar dagleg forbi raspunkta.

– Matbjøra har ein diskutert tilbake til 60-talet, og ein var komen langt i arbeidet med ein rasvoll ved Hestebeit, seier han og meiner Statens vegvesen bør vurdere tiltak på den rasutsette strekkja.