Hopp til innhold

Geolog på plass på Vikafjellet

Vegvesenet vurderer faren for nye ras riksveg 13 over Vikaffjellet fortløpande. Dei håpar på eit svar innan klokka 13.

Snøskred på Vikafjellet

Snøskred på Vikafjellet

Foto: Thale Charlotte Halset

- Vi har evakuert alle som var i rasområdet, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for veg i Statens vegvesen.

Vegvesenet har stengt riksveg 13 Vikafjellet, og vurderer no rasfaren i området.

Geolog skal vurdere

- Vi har geologar som no skal vurdere dette. Eg veit enno ikkje heilt kva som skjer, men vi håpar at vi skal klare å få ei vurdering klar klokka 13.00, seier Yttri.

Politiet var på staden kjapt for å hjelpe til, og Yttri seier den viktigaste jobben har vore å få folk ut av rasområdet.

- Det gjekk fleire skred, og dermed var det viktig å få folk vekk, seier han.

Men seksjonssjefen for veg i vegvesenet er uroa over vêrmeldingane som fortel om at vi kan vente oss endå meir nedbør.

Stengjer fleire vegar

- Ein ting er dette skredområde der det gjekk ras i dag. Men vi veit at det også går skred på andre sida av Vikafjellet. Så vi vil no vurdere heile fjellet og faren for at det vil kome ras, forklarar Yttri.

På grunn av faren for nye ras har vegvesenet allereie bestemt at fylkesveg 50 Aurland - Hol og riksveg 53 Årdal Tyin vert stengt på grunn av faren for skred i områda.