Hopp til innhold

Geolog meiner vegen er trygg - vegen opna for fri ferdsle

Steinblokkene har losna 250 meter oppe i fjellsida over fylkesveg 50 ved Vassbygdtunnelen. Vegen vart opna like etter klokka 10 etter at vegen var rydda.

Ryddar raset

STORE KREFTER: Steinane som losna vel 250 meter oppe i fjellsida, har gjort store skadar på vegen. Her er Jarle Tokvam frå Opedal & Søner i gang med å rydde den siste, store steinen ut i Vassbygdvatnet. Rekkverket har fått mykje juling i møte med steinane som kom dundrande ned fjellsida.

Foto: Arne Veum / NRK

– Geolog fekk tak i helikopter, og har vore oppe i fjellsida og synfart. Sleppområdet er om lag 250 meter oppe i fjellsida, og utifrå det han såg, så såg det greitt ut, seier avdelingsleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim.

Blokka, som losna, har vorte knust i fleire bitar på vegen nedover, før steinane trefte vegen med dunder og brak.

– Steinane ligg over ein strekning på veg 100 meter på vegen. Det er eit fangnett lenger oppe, men steinane har delvis gått over, og delvis gjennom fangnettet. Vi veit heller ikkje kor mykje som har landa i vatnet, seier Fossheim.

Kom opp i 20 mm nedbør

Vegen vart rydda rett før klokka 10, og vegen er no opna for fri ferdsle. Ifølgje geologen skal det vere trygt å ferdast i området.

– Sjølve sleppområdet såg greitt ut. Men dette er eit ganske høgt fjellområde, og det er no slik her på Vestlandet at ein aldri kan vere hundre prosent sikker. I går var det ein god del nedbør då raset kom, opp i 20 millimeter, så det er slike hendingar som vi veit skjer, seier Fossheim.

At fangnettet ikkje har klart å ta mykje av det som kom ned, er av naturlege årsaker.

– Når det losnar så høgt oppe, så sprett det over nettet og ut i vatnet, seier Fossheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Store skadar

FORT GJORT: Raset gjorde store skadar på vegrekkverket. Men det var fort gjort å rydde steinblokkene, og vegen var opna att like etter klokka 10.

Foto: Arne Veum / NRK


Ikkje lett å sikre hundre prosent

Dette er ei strekning der det har rasa mykje, på begge sider av tunnelen. Men det ligg ikkje føre planar om noko meir rassikring enn det som er der i dag.

– Ikkje som eg kjenner til. Det er eit stort fjellområde som er ganske høgt. Å få ein hundre prosent sikker veg der, er ikkje like enkelt å få til slik vegen ligg no, seier Fossheim.

At vegen var stengd i morgontimane, gjorde til at E-CO Energi måtte tenkje alternativt for å få sine tilsette på jobb på anlegget i Vassbygdi. Dei leigde seg rett og slett båt for å få folk på jobb.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tok båt

FANN LØYSINGA: Dei tilsette ved E-CO Energi, måtte i morgontimane ta båt, for å komme seg til jobb.

Foto: Arne Veum

Skaffar seg eigen båt

Fleire tilsette ved E-CO Energi har vore borti, eller svært nær å verte trefte av ras opp gjennom tidene.

Bedrifta er alt i gang med arbeidet med å få på plass ein beredskapsbåt som skal nyttast på Vassbygdvatnet, slik at dei er mindre sårbare når vegen må stengjast av ymse grunnar.

– Etter Dagmar så har vi sett at vi må rigge oss til med ein beredskapsbåt. Det blir spådd meir ekstremvêr, og vi må komme oss opp til anlegget. Det å ha ein litt større båt, som er tryggare, er viktig, seier kraftverksjef Knut Helge Kjærvik.