Laksebank skal redde bestanden

Ein ny genbank skal berge den trua bestanden av laks og sjøaure i Hardanger. Berre eit plaster på såret, meiner Hardangerfjord Villfisklag.

Villaks

FÅR EIGEN BANK: Villaksen i Hardanger er kraftig trua. No skal regjering satsa på laksen og auren med ein heilt ny genbank.

Foto: NRK

– Vi må no gå til eit såpass drastisk skritt som å opprette ein genbank, slik at vi kan vere heilt sikre på at vi kan bygge opp att bestandane i framtida, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

I dag kom nyhenda om at regjeringa løyver tre millionar kroner til prosjektering av ny genbank i Hardanger.

Solhjell fortel at bakgrunnen for investeringa er dei store utfordringane frå oppdrett av villaks og sjøaure i Hardangerfjorden.

Kraftig nedgang på 30 år

Det er førebels sett av tre millionar kroner, men dei samla investeringskostnadene vert anslått til 40 millionar kroner.

Bestandane av sjøaure og villaks har gått kraftig ned i området sidan 1980-talet. Auka oppdrett har fått mykje av skulda. Men regjeringa droppar likevel ei eiga forskrift for å regulere oppdrett i Hardangerfjorden.

– Delvis fordi det vil ha store lokale næringskonsekvensar, og delvis fordi vi ikkje er sikre på om det ville vore tilstrekkeleg for å løyse problema, seier Solhjell.

LES ÒG: Vil fryse ned genar frå 200 villaksstammar

– Plaster på såret

Hardangerfjord Villfisklag er glade for at noko no blir gjort. Men leiar i villfisklaget, Sven-Helge Pedersen, er likevel ikkje heilt nøgd.

– Genbank blir på mange måtar eit lite plaster på eit stort verkande sår. Så lenge ein ikkje tek tak i årsaka til problema, vil Hardanger måtte blø, seier han, og held fram:

– Reiselivsnæringa og innbyggarane i Hardanger vil framleis måtte sjå på at fisketomme vassdrag er konsekvensen. I ein region som har historiske tradisjonar knytt til eit naturbasert reiseliv, er det uforståeleg at våre myndigheiter er opptekne av å bidra til ei meir balansert forvalting av våre fellesverdiar i fjord og vassdrag.

– Hardanger taparen

Miljøverndepartementet meiner at genbanksatsinga viser at regjeringa ikkje har gitt opp villaksen og sjøauren i Hardangerfjorden.

Hardangerfjord Villfisklag er ikkje heilt samd.

– Det er Hardanger som er taparen med den forvaltinga av naturen som vi ser i dag, seier leiar Pedersen.