Hopp til innhold

Slik responderte han på IBU-vrakinga

Håvard Gutubø Bogetveit gav landslagstrenarane noko å tenkje på i helga. – Du blir revansjesugen når du ikkje blir teken ut til internasjonale renn, seier førdianaren som jaktar EM-billett.

Håvard Gutubø Bogetveit

GOD HELG: – Eg gjekk ikkje rått i sporet, men skytinga var bra. Og eg har endå meir på lager, seier Håvard Gutubø Bogetveit etter helgas DNB-cup i Folldal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Før helga fekk han beskjed om at han var vraka frå troppen til 2. og 3. runde av IBU-cupen.

Laurdag svara Håvard Gutubø Bogetveit med å vinne DNB-cupen i Folldal. Søndag sprinta skiskyttaren inn til andreplass.

– Eg gjekk alle IBU-renna i fjor og vart litt snurt då eg ikkje vart teken ut no. Du blir revansjesugen og no fekk eg vist at eg har potensialet, seier 22-åring.

Kjenner seg god nok

– Men eg har ikkje prestert godt nok i starten denne sesongen, sjølv om eg veit at eg er god nok, legg han til.

Responsen på vrakinga kunne ikkje vore betre for ein løpar som jaktar billett til EM i februar. For prestasjonane i IBU-cupen blir avgjerande for EM-uttaket.

– Aller helst må eg gå og prestere ei IBU-helg for å kvalifisere meg til EM. No blir neste sjanse DNB-cupen 3. og 4. januar i Orkdal. Det er neste uttaksrenn til IBU-cupen, seier han.

God skyting

Søndag gjekk han likt med Erling Aalvik (Kvam) inn til andre skyting. Ein bom sende han ut ni sekund bak. I mål skilte det dei 7,7 sekund.

– Det er jo litt surt å gleppe sigeren på siste skyting, men for meg var det viktigaste å vise god form og stabil skyting med tanke på uttaka vidare, seier han.

I løpet av helga vart det tre bom på seks seriar.

– Spesielt har skytinga vore bra med 90 prosent treff begge dagar. Det er det eg strevar mot og der eg skal vere, held 22-åringen fram.

– God stemning på rommet

– Men eg har endå meir på lager. No handlar det om å halde forma oppe og å skyte bra, legg han til.

Jarle Midthjell Gjørven

TREDJE: Jarle Midthjell Gjørven vart nummer tre på normaldistansen laurdag.

Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gutubø Bogetveit gjekk fort i sporet då han vann laurdagens normaldistanse med 55 sekund. Det vart to bom, men likevel nok til å slå Chris Endre Haugen (Trondhjems) som skaut like mange bom.

Jarle Midthjell Gjørven (Markane) vart nummer tre.

– Det var moro. Du kan trygt seie at det var god stemning på rommet i går kveld, humrar førdianaren.

Erdal på tredje

Også Ole Martin Erdal (Førde) blanda seg inn i teten i seniorklassa for herrar søndag. Han vart nummer fire, 27 sekund bak Aalvik.

Systera Karoline Erdal skaut seg søndag ut av gullkampen på siste skyting i 18-årsklassa for kvinner. Ho kom i mål til 3. plass i klassa for kvinner 18 år, 22,6 sekund bak sigrande Mathea Tofte (Vingrom).

Laurdag vart ho nummer fem på normalen.