Hopp til innhold

Gaular er dyrast i fylket

Dersom ein bur i Gaular må ein betale nærare 20.000 kroner i året.

Bygstad

DYRAST: Gaular kommune har dei høgaste kommunale utgiftene i landet. Her ser vi skiltet til bygda Bygstad.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Undersøkinga er utført av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Huseiernes Landsforbund. Den tek utgangspunkt i kommunale utgifter.

RETTING: I går skreiv vi at det var huseigarar i Leikanger som måtte betale mest; heile 19.344 kroner kvart einaste år. Tala frå SSB var feil. Det viser seg at den riktige prisen var 14.844 kroner.

Leikanger-rådmann Odd Arve Rakstad skriv i ein epost at «eigedomsskatten vart i 2010 sett ned frå sju til 2,5 promille. Tala som er operert med i statistikken er frå 2009. Dermed har den lagt til grunn sju promille.»

Dermed er Gaular den kommunen i fylket som er dyrast når det kjem til eigedomsskatt og avgifter. Der må ein betale 17.344 kroner.

Til samanlikning er Sola i Rogaland den billigaste kommunen; der er prislappen på 5.500 kroner for vatn, avløp, renovasjon og feiing.

Gaular kommune er den 25. dyraste kommunen i landet.

Finn din kommune:

Kommunale utgifter i kommunane i Sogn og Fjordane

Kommune

Sum i kroner

Askvoll

10594

Aurland

9654

Balestrand

16736

Bremanger

10859

Eid

10288

Fjaler

11054

Flora

15629

Førde

12286

Gaular

17344

Gloppen

16893

Gulen

12298

Hornindal

12848

Hyllestad

13071

Høyanger

16759

Jølster

14933

Leikanger

14844

Luster

10470

Lærdal

9863

Naustdal

13514

Selje

10877

Sogndal

16601

Solund

10830

Stryn

12189

Vik

11730

Vågsøy

14340

Årdal

14178

Gjennomsnitt:

13103

Ekspander/minimer faktaboks